Ein geysir er ei naturleg varm kjelde som periodisk har utbrot der varmt vatn og damp vert kasta høgt opp i lufta. Fenomenet er kalla opp etter geysiren GeysirIsland. Ordet tyder «gøyse», «strøyme» eller «sprute» på islandsk.

Geysiren StrokkurIsland

Utbrota skuldast at grunnvatnet i underjordiske kanalar vert varma opp så mykje at det byrjar å koke. Dette skjer gjerne nær ei størkna smelte nede i djupna. Når dampen utviklar seg skjer det ei brå trykkavlasting i djupna, der vatnet vert støyta eksplosjonsaktig gjennom kanalane. Neste utbrot kjem først når grunnvatnet strøymer til i djupna og vert varma opp igjen.

Tida mellom utbrota kan variere frå nokre minutt til over ein månad, og sjølve utbrotet var gjerne berre nokre få minutt. Korleis utbrota utartar seg kan endre seg raskt, ofte i løpet av få år eller tiår. Dette kjem truleg av små endringar i temperaturtilhøve i dei djupare delane av geysiren.

Geysirar endre

Geysirar er sjeldne og eksisterer berre nokre få stader på jorda. Det er seks store geysirområde i verda: Island, Yellowstone nasjonalpark i USA, Taupo Volcanic ZoneNew Zealand, Kamtsjatka i Russland, El Tatio i Chile og Umnak Island i Alaska.

Tidlegare fanst det varme kjelder ytterlegare to stader i Nevada, kalla Beowawe og Steamboat Springs, men desse tok slutt i 1980-åra då eit nærliggende geotermisk kraftverk reduserte temperaturen og senka grunnvasspegelen.

Det finst fleire enkeltståande geysirar rundt om i verda, både i California, Peru, Bolivia, Mexico, Dominica, Asorane, Kenya og Japan, men ingen andre større klynger av geysirar.

Kjende geysirar endre

Namn Stad Høgd Periode Kommentar
Store Geysir HaukadalurIsland Ca. 10 m, tidlegare opp mot 80–100 m Berre etter jordskjelv
Strokkur Haukadalur på Island 10–20 m ca. kvart 10. minutt
Steamboat Yellowstone nasjonalpark i USA 70–120 m Sjeldant (seinast 1991)
Grand Yellowstone nasjonalpark i USA 40–60 m 8.-12. time
Giant Yellowstone nasjonalpark i USA 45–60 m Sjeldant (sist 1994)
Giantess Yellowstone nasjonalpark i USA 20–55 m Sjeldant (sist 1995)
Old Faithful Yellowstone nasjonalpark i USA 30–55 m Ca. kvart 75. minutt
Waimangu New Zealand over 300 m Ikkje lenger aktiv Tidlegare den høgaste geysiren i verda i perioden 1901-1905
Pohutu New Zealand ca. 25 m 15 gonger dagleg

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Geysir

Kjelder endre