Blåselampe er ein reiskap som brenn parafin eller bensin for å danne ein flamme som er varm nok til å smelte metall til å lodde med, og til anna konsentrert oppvarming. Brenselet vart fylt i ein liten tank på blåselampa og sett under trykk ved å pumpa inn luft med ei lita handpumpe som høyrde til tanken. På dette viset vart brenselet pressa gjennom eit røyr som vart oppvarma av flammen i blåselampa og drive ut i gassform gjennom munningen, slik at den heite flammen oppstod. For å setje i gang prosessen, måtte denne delen av blåselampa verte varma opp på førehand ved hjelp av til dømes raudsprit som vart hella i ei lita skål i lampa og sett eld på. Prinsippet for blåselampene var det same som for dei kokeapparata for parafin, ofte kalla primusar (primus var eigenleg eit varemerke), som vart nytta tidlegare. Til liks med blåselampene måtte brennaren på desse kokeapparata varmast opp før parafinen frå trykktanken vart sleppt fram til brennaren.

Blåselampe med regulering for flammen over handtaket, og med handpumpa lett synleg attmed handtaket.
Blåselampe klar til bruk.

Blåselamper vart tidlegare nytta til mykje. Dei kunne nyttast til å mjuke opp gamal maling som skulle skrapast av tregjenstandar, og dei var nytta av røyrleggjarar for å lodde saman vassrøyr, og for å smelte bly som vart helt flytande ned i skøytane mellom kloakkrøyr av støypejarn, såkalla soilrør, for å gjere skøytane tette og solide. Dessutan var ei blåselampe ein naudsynt reiskap i fiskebåtar med glødehovudmotor, ettersom glødehovudet måtte varmast skikkeleg opp før motoren kunne startast.