Lodding er ein metode som vert nytta for å binda saman ulike metalldelar, ved hjelp av eit fyllmetall med lågt smeltepunkt. Metallflatene som skal bindast saman vert varma opp, slik at fyllmetallet smeltar og bind seg til metallflatene. Metalla som vers bundne saman har høgare smeltepunkt enn fyllmetallet og smeltar ikkje. Fyllmetallet inneheld ofte mykje tinn og vert difor kalla loddetinn. Lodding fører til at metalldelane som vert bundne saman er i termisk og elektrisk kontakt med kvarandre.

Lodding med ein loddebolt.

Bruksområde endre

 
Overflatemonterte elektronikkkomponentar som er lodda på ein krinskort.

Lodding vert nytta innan fleire fagområde.

Elektronikk endre

Innan elektronikkproduksjon vert elektronikkomponentar lodda til banane på krinskort. Dette gjev mekanisk stabilitet, elektrisk og termisk kontakt. Ved serieproduksjon vert komponentane plasserte på krinskortet av robotar og loddinga vert utført i ein automatisert loddestasjon. Ved framstilling av prototypar og reparasjon vert loddinga som oftast utført manuelt, ved hjelp av ein loddebolt.

Sølvsmedarbeid endre

Sølvsmedar nyttar lodding for å binda saman ulike metallstykke.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.