Blåtann
Blåtann eller på engelsk bluetooth er ein radiooverføringsprotokoll som vert nytta for å senda og motta data trådlaust over korte avstandar mellom einingar i eit personleg datanett samansett av mobiltelefon, datamaskin, eller andre einingar som stør protokollen. Om blåtann er aktivert, kan einingane kommunisera med kvarandre innanfor ein viss radius (0 – 100 m, avhengig av sendarstyrken).
Blåtann er vanleg i nyare mobilar og er sidan tusenårsskiftet mykje brukt i andre elektroniske apparat òg. Sjølv om teknologien er utbreidd og svært godt eigna for informering til lokale (vitjande) brukarar om lokale tilhøve, finst det enno ingen offentlege kontor, flyplassar, turistkontor eller kontorkompleks i verda som tilbyr informasjon via blåtann.
Blåtann vart fyrst utvikla av Ericsson, og seinare formalisert av Bluetooth Special Interest Group (SIG), som vart presentert den 20. mai 1999. SIG var samansett av Sony Ericsson, IBM, Intel, Nokia og Toshiba.
Namnet er inspirert av kong Harald Blåtann (Harald II (Gormsson) Blåtann) som sameina Danmark og Noreg og var konge fra 958 til 987. Symbolet for blåtann er sett saman av bokstavane H (ᚼ) og B (ᛒ) i den yngre futharken.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Bluetooth and IEEE 802.15
- Bluetooth SIG public pages
- Bluetooth Membership site
- Howstuffworks.com explanation of bluetooth
- The Bluetooth Car Concept Arkivert 2006-05-12 ved Wayback Machine.
- Personal Telco Wiki (this article may not be completely accurate technically)
- A series of guides on how-to connect devices like mobile phones, PDAs, desktop/laptops, headsets and use different Bluetooth services
- Mapping Salutation Architecture APIs to Bluetooth Service Discovery Layer Arkivert 2004-02-03 ved Wayback Machine.
- Bluetooth News and Discussion Group
- Bluetooth Top Sites Arkivert 2004-10-11 ved Wayback Machine.
- Bluetooth Jobs
- Bluetooth™ Security White Paper
- Security Concerns Arkivert 2005-05-13 ved Wayback Machine.
- Laptops, PDA and mobile (cell) phones with Bluetooth(TM) and Linux Arkivert 2004-09-24 ved Wayback Machine.
- Bluetooth qualified products Arkivert 2005-12-28 ved Wayback Machine.
- Bluecarkit discussion forum about Bluetooth car handsfree Arkivert 2004-10-22 ved Wayback Machine.