Blåtinden på Hareidlandet
Blåtinden er eit fjell (697 moh) i Ulstein kommune på Sunnmøre. Fjellet ligg aust for bygda Haddal og vest for Vartdalsfjorden. Blåtinden er det høgaste fjellet på Hareidlandet og i Ulstein kommune. Fjellet er ein del av den lange fjellryggen som strekker seg langs Hareidlandet mot Vartdalsfjorden, frå Hjørungavåg til Eiksund.