Kampeche
Kampeche eller blåtre (Haematoxylum campechianum) er eit tropisk tre i erteblomfamilien. Det kjem frå Mellom- og Sør-Amerika, der det blir dyrka på grunn av fargestoffet hematoksylin, som finst i den raudsvarte kjerneveden. Kampeche blir brukt til farging av tøy, særleg ull og silke. Med forskjellige beisar gjev det svart, grått, blått, fiolett og raudt.
Kampeche | |
Kampeche | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Erteblomordenen Fabales |
Familie: | Erteblomfamilien Fabaceae |
Slekt: | Haematoxylum |
Art: | Kampeche H. campechianum |
Vitskapleg namn | |
Haematoxylum campechianum |
Treet hadde stor økonomisk tyding frå 1600-talet til 1800-talet, då det blei felt og eksportert til Europa for farging av tekstil og papir.[1][2] Det er framleis eit viktig fargemiddel for mikroskopiske preparat.
Kampeche-ekstrakt var også brukt som pH-indikator. Det var brunleg ved nøytral pH, gulraudt i syrlege tilhøve og lilla i basiske tilhøve.[2]
Kjelder
endre- ↑ Hofenk de Graff, Judith H. (2004). The Colourful Past: Origins, Chemistry and Identification of Natural Dyestuffs. London: Archetype Books. s. 235. ISBN 1873132131.
- ↑ 2,0 2,1 Hammeke, Erin (2004). «Logwood Dye on Paper» (PDF). University of Texas at Austin. Arkivert frå originalen (PDF) 16. september 2006. Henta 5. juli 2008.
«kampeche» i Store norske leksikon, snl.no.