Kjerneved er den inste delen av ein trestamme. Etter kvart som treet veks, døyr cellene ist i stammen og dannar kjerneveden. Linsepora i cellene i kjerneveden blir tetta igjen for å stoppa åtak frå parasittar, og hjå mange treslag blir cellene fylte opp med ulike stoff. Desse trea har ein annan, mørkare farge på kjerneveden enn på den ytre veden.

Tverrsnitt av ein trestamme

Furu, einer, eik og ask har farga kjerneved, medan gran, osp og lind har same farge som på yta. Hjå furua er cellene i kjerneveden (vanlegvis kalla malme) fylt med kvae som gjer veden svært haldbar mot råte og insektåtak. Dette har husbyggjarar og snikkarar kjend til og utnytta opp gjennom tidene, som i gamle lafta hus, vindauge, båtar og stavkyrkjer.

Bjørk er eit unntak og har ikkje kjerneved.

Tverrsnittet på denne furustokken viser tydeleg skiljet mellom yteved og kjerneved

Sjå også endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre