Blaaflat gard
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Nøyaktigheit: Det er usemje om den faglege presisjonen på denne artikkelen. Han kan innehalde faktafeil. |
Blaaflat gard ligg på Ljøsne i Lærdal og produserer eple, pærer og plommer. Dei har fruktutsal i hagen frå august til oktober. Garden ligg på Blåflat, som består av to gardar (Blaaflat og Blåflat).
Garden var tidlegare hotell som stod ferdig i 1886 og skysstasjon i sveitserstil. I tillegg var det både post og telefonstasjon der. I 1937 blei hotellet avvikla, medan post og telefonstasjon fortsette heilt fram til 1971. Gjennom fleire generasjonar har Blaaflat produsert frukt og grønsaker, hovudsakleg eple.
Blaaflat gard er med i Sogn fruktrute.