Pæretre
Pæretre
Pæretre
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Amygdaloideae
Stamme: Maleae
Slekt: Pære Pyrus
Art: Pæretre P. communis
Vitskapleg namn
Pyrus communis

Pære er frukta av pæretreet og er ei av dei eldste fruktene me kjenner til. Pærer vart dyrka allereie 3000 år f. Kr. Ho blei først tatt i kultur i Austen og seinare kom ho til Hellas. Frå Romerriket spreidde kunnskapane om pæreproduksjon seg med munkane til Mellom- og Nord-Europa. Til Noreg kom ho i mellomalderen. Heile tida har ho vore høgt skatta som ei delikatesse.

Pære i Noreg endre

Sommarpærer

  • Broka julipære (Colorée de Juliet)
  • Keisarinne (Epargne)

Haustpærer

  • Gråpære
  • Clara Frijs
  • Esperens herrepære
  • Grev Moltke
  • Dobbelt Phillip
  • Bonne Louise
  • Herzogin Elsa
  • Amanlis
  • Hertzogen Elsa
  • Ingeborg

Sesongen i Noreg er frå august til oktober. I høve til t.d. eple treng pæra eit tørrare og varmare klima og produksjonen er derfor liten.

Varing endre

Modne pærer har kort varing og må handterast varsamt og ikkje klemmast på. Ved lagring bør pærer ha 1-2 grader C og ei luftfukt på 95 %. Pærer er vare for etylen og må difor ikkje lagrast saman med epler.

Kjelde endre