Blanka Paulů (fødd 31. mars 1954) er ein tsjekkisk tidlegare langrennar frå Vrchlabí som tevla for Tsjekkoslovakia. Ho vann sølvmedaljen på 5 km under Ski-VM 1974, og elles OL-sølv 1984 og VM-bronse 1974, begge i 4 x 5 km stafett.

Blanka Paulů


Statsborgarskap Tsjekkoslovakia
Fødd 31. mars 1954 (70 år)
Vrchlabí
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1984, Ski-VM 1974, Ski-VM 1982, Ski-VM 1985

Aktiv endre

Paulů kom med eit brak inn i verdseliten i kvinnelangrenn under verdsmeisterskapen i Falun, knappe 20 år gammal. På 5-kilometeren tok ho sølvmedaljen, mindre enn to sekund bakom sovjetiske Galina Kulakova, den sterkaste utøvaren i verda. Sidan i meisterskapen vart Paulů nummer fire på 10 km, og ho gjekk Tsjekkoslovakia inn til bronse på stafetten. Deretter fall ho ut i verdseliten, ein 10. plass på 5 km i Innsbruck 1976, var det beste ho oppnådde i vinterleikane 1976 og 1980.

Frå 1982 til ho la opp i 1984 makta Paulů atter å måle krefter med dei beste langrennsløparane i verda. Ho vann då to tevlingar i verdscupen i langrenn, fyrst ein 10-kilometer i Štrbské Pleso på tampen av 1982-sesongen, og så ein 5-kilometer i Sarajevo året etter. I Verdscupen 1983 enda ho på fjerdeplassen. Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo gjekk Paulů den andre etappen for det tsjekkoslovakiske laget som vann sølv i 4 x 5 km stafett, slått med 45 sekundar av dei norske gullmedaljørane. Paulů avslutta leikane med å verte nummer fire på 20 kilometer, fattige 3,3 sekundar unna Anne Jahren på bronseplass.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.