Blanklefse er ei lefse med leivar baka av fint kveitemjøl eller rugmjøl, eventuelt iblanda noko byggmjøl. Når lefsene er halvsteikte, vert dei kjølte ned, og påført eit gnu laga av skumma råmjølk, potetmjøl og sikta rugmjøl. Gnuet vert laga som ei tjukk røre og gnidd inn med flathanda til lefsa vert blank og fin. Så vert lefsa steikt vidare til alt er tørt, men ikkje så hardt at gnuet gulnar.

Tørre lefseleiar kan liggje lenge utan å bli skjemt. Leiven vert bløytt før han vert påsmurd. Nokre stader er det vanleg å ete blanklefsa med gomme.

Blanklefsa er kjend på Helgeland, i Salten og i Lofoten under namna gnekkalefs', kvitlefse og gammaldagslefse.

Kjelder endre