Gomme eller gome er ein tradisjonsrik norsk mjølkerett. Ein teori om namnet gomme er at det kjem av «gumma» 'kone', fordi det ofte vart brukt som mat for kvinner som nettopp hadde født.

Gomme
Foto: Eirik Newth

Framgangsmåte endre

Som med mange tradisjonsrettar, varierer framgangsmåten for å laga gomme frå plass til plass. Det som er felles er at ein kokar mjølk og tilset kulturmjølk eller løype for å skilja ut ostemassen. Mjølka skal koka til ho skiftar farge, og dette tek fleire timar. Deretter dampar ein inn myse og ostemasse til han får ein grautaktig konsistens som kan skjerast med kniv når han er stivna. Han er gulbrun til raud på farge og har mange kvite ostekorn i massen. Andre moglege ingrediensar er egg, mjøl og sukker.

Tradisjon frå Hardanger endre

I Hardanger har gomme alltid vore brukt som festmat. Der var det viktig at gommen var glatt og fin og ikkje klumpa seg, for då vart det rekna som dravle. Under bryllaup i Hardanger var gomme ein sjølvsagt del av festen. Då skulle gommen kokast i koparkjelar, før ein hadde han over i rosemålte tiner eller kjengjer der det skulle stå både namn og årstal. Gjestene bar kjengjene med seg til festen, og det var alltid stor konkurranse blant konene om kven som var flinkast til å laga gomme. Og for å skapa fest rundt gommen, skulle han setjast på bordet av den bunadskledde gjevaren, med felespel til.

Sjå også endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Gomme. Oppskrift i Kokebok på Wikibøker.