Bledvatnet

(Omdirigert frå Bledsjøen)

Bled (slovensk Blejsko jezero; tysk Veldeser See) er ein innsjø i Dei juliske Alpane nordvest i Slovenia. Byen Bled ligg ved innsjøen. Området er eit populært turistområde.

Bledsjøen
innsjø
Land  Slovenia
Høgd over havet 475 moh.
Lengd 2,120 km
Breidd 1,380 km
Areal 1,45 km²
Koordinatar 46°21′52″N 14°05′41″E / 46.36444°N 14.09472°E / 46.36444; 14.09472
Øyar Bledøya
Byar Bled
Kart
Bledsjøen
46°21′52″N 14°05′41″E / 46.364444444444°N 14.094722222222°E / 46.364444444444; 14.094722222222
Wikimedia Commons: Lake Bled

Innsjøen er 2,1 km lang og nesten 1,4 km brei med ei største djupne på 30,6 meter. Han ligg i eit naturskjønt område omgjeve av skogar og fjell. Ei mellomalderborg står på nordsida av innsjøen. Midt i innsjøen ligg Bledøya, den einaste naturlege øya i Slovenia. Øya har fleire bygningar, mellom anna ei Pilegrimskyrje (slovensk Cerkev Marijinega vnebovzetja) frå 1400-talet, det det ofte vert halde bryllaup. Kyrkja har eit 52 meter høgt spir.

Innsjøen er òg kjend for roing, sidan det ofte er gode tilhøve for sporten her. Det har vorte halde verdsmeisterskap i roing her i 1966, 1979 og 1989, og skal igjen vere vertskap i 2011.

Innsjøen ligg 55 km frå hovudstaden Ljubljana.

Galleri endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Lake Bled» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • The Columbia Gazetteer of the World, red. Saul B. Cohen. Columbia University Press, New York. 1998
    • Fodor's Eastern og Central Europe, 19th edition. ed. Bonnie Bills. Fodors, New York. 2001

Bakgrunnsstoff endre