Bleikvasslia

(Omdirigert frå Bleikvassli)

Bleikvasslia er ei bygd og ein gard i Hemnes kommune, to mil sør for Korgen. Nordaust for Bleikvasslia ligg Oksttindmassivet og Bleikvatnet som bygda har namn etter. Oksskolten er det høgaste fjellet i Nord-Noreg. I sør ligg Røssvatnet som er Noregs nest største innsjø. Bleikvasslia fekk fast busetting i byrjinga av 1700-talet. Ei årestue frå 1700-talet finst enno intakt.

Bleikvasslia
stad
Kyrkja i Bleikvasslia vart innvigd i 1955.
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Hemnes
Postnummer 8647 BLEIKVASSLIA
Preposisjon i Bleikvasslia
Kart
Bleikvasslia
65°54′30″N 13°48′26″E / 65.908333333333°N 13.807222222222°E / 65.908333333333; 13.807222222222
Wikimedia Commons: Bleikvasslia

Næringsgrunnlaget er i hovudsak landbruk. Selskapet Bleikvassli gruber har i dag om lag 20 tilsette, og driv i dag entreprenørverksemd etter at gruvedrifta vart nedlagt for nokre år sidan. Bleikvasslia har butikk, kyrkje og skule. Ved skulen finst ein kopi av ein sørsamisk buplass.

Den gamle internatskulen i Bleikvasslia vart bygd i 1920, og tilhøyrer i dag Bleikvassli bygdelag
Køta i Bleikvasslia, kopi av ein sørsamisk gamme.

På Karihaugen låg ein arbeidsleir under andre verdskrigen. Brakkene er no rivne, og det er oppført eit nytt bygg som vert brukt som leirstad. Karihaug leirsted er i dag eigd av Normisjon.

Bleikvassli er òg eit etternamn. Ifylgje Statistisk Sentralbyrå er det per 9. januar 2021 12 personar som har Bleikvassli som etternamn.[1]

Kjelder endre

  1. * Søk etter Bleikvassli i SSB sin namnestatistikk