Blekinge er eit landskap i Sverige. Geografisk er det identisk med lenet Blekinge län, i det søraustlege Sverige. Blekinge har om lag 150 000 innbyggjarar og er tett folkesett. Landskapet blir ofte kalla «Sveriges hage», og har vene skogsområde, landsbyar og ein mykje vitja skjergard.

Blekinge
landskap
Symbol
Land  Sverige
Län Blekinge
Del av Sverige
Areal 2 900 km²
Folketal 159 056 (31. desember 2020)[1]
Kart
Blekinge
56°20′00″N 15°20′00″E / 56.333333333333°N 15.333333333333°E / 56.333333333333; 15.333333333333
Wikimedia Commons: Blekinge

Blekinge var dansk fram til freden i Roskilde i 1658. Det pågjekk blodige krigar her mellom dei to landa om herredømmet over Blekinge. Länshovudstaden Karlskrona vart bygd opp som ein marineby nærast mogleg Danmark og kontinentet, for å hevde den nyvunne makta til Sverige etter freden i Roskilde. Marinehamna Karlskrona står på verdsarvlista til UNESCO. Skjergården i Blekinge er med i Unesco-programmet Man and the Biosphere Programme.

Fiskehamna Hallarna på Hasslö, Karlskrona kommune.
Foto: Erlend Bjørtvedt
Ronneby med Munktrappan.

Blekinge ligg søraust i Sverige og grensar mot Austersjøen i aust og sør og til Skåne i vest og Småland i nord. Administrasjonssentret er Karlskrona, medan Ronneby er den eldste byen. Det er flyplass ved Ronneby.

Større tettstader endre

Dei største tettstadane i landskapet etter reguleringa i 2005 er:

# Tettstad Innbyggjartal
1 Karlskrona 32 606
2 Karlshamn 18 768
3 Ronneby 11 767
4 Sölvesborg 7 883
5 Olofström 7 382

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Folkmängd i landskapen den 31 december 2020». Statistiska centralbyrån. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Blekinge