Bless Its Pointed Little Head

Bless Its Pointed Little Head
Konsertalbum av Jefferson Airplane
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1969
Innspelt Oktober og november 1968
Spelestad Fillmore West (okt.), Fillmore East (nov.)
Sjanger Psykedelisk rock, acidrock, hardrock
Lengd 52:48
Selskap RCA Victor
Produsent Al Schmitt
Jefferson Airplane-kronologi 
Crown of Creation
(1968)
Bless Its Pointed Little Head Volunteers
(1969)


Bless Its Pointed Little Head er eit konsertalbum av Jefferson Airplane spelt inn på både Fillmore East og West hausten 1968 og gjeven ut i 1969. Fem songar på albumet hadde ikkje kome ut på nokre av dei tidlegare studioplatene til bandet. Songane som fanst på tidlegare album er her omgjort til langt tyngre versjonar. Høgdepunkt på albumet er mellom anna vandrebassen til Jack Casady som dominerer heile settet og bluessongen «Rock Me Baby» som er ein forsmak på det seinare bandet til Casady og Kaukonen, Hot Tuna.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
The Music Box4/5 stars[2]

Av særleg interesse er grupperinga på Donovan-songen «Fat Angel», som syner kor allsidige bandet var. Marty Balin spelar bass, Casady er rytmegitarist, medan Kaukonen og Kantner spelar sologitar. Albumet vert avslutta med den elleve minuttar lange improviserte «Bear Melt».

Fred Neil-songen «The Other Side of this Life» var ein favoritt for bandet, og dei hadde spelt songen på mange konsertar alt.

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Clergy» (innspelt 28.-30. november i Fillmore East)Jefferson Airplane1:32
2.«3/5 of a Mile in 10 Seconds» (innspelt 24.-26. oktober i Fillmore West)Marty Balin4:37
3.«Somebody to Love» (innspelt 24.-26. oktober i Fillmore West)Darby Slick3:46
4.«Fat Angel» (innspelt 28.-30. november i Fillmore East)Donovan Leitch7:29
5.«Rock Me Baby» (innspelt 24.-26. oktober i Fillmore West)traditional, arranged by Jefferson Airplane7:40
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Other Side of This Life» (innspelt 24.-26. oktober i Fillmore West)Fred Neil6:35
2.«It's No Secret» (innspelt 24.-26. oktober i Fillmore West)Balin3:22
3.«Plastic Fantastic Lover» (innspelt 24.-26. oktober i Fillmore West)Balin3:40
4.«Turn Out the Lights» (innspelt 28.-30. november i Fillmore East)Paul Kantner, Jack Casady, Jorma Kaukonen, Grace Slick, Spencer Dryden0:58
5.«Bear Melt» (innspelt 28.-30. november i Fillmore East)Kantner, Casady, Kaukonen, G. Slick, Dryden11:06
Bonusspor på 2004-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Today» (innspelt November 5 i Fillmore West)Balin, Kantner3:45
12.«Watch Her Ride» (innspelt November 5 i Fillmore West)Kantner3:19
13.«Won't You Try / Saturday Afternoon» (innspelt November 5 i Fillmore West)Kantner5:29

Medverkande

endre
Teknisk
  • Al Schmitt – produsent
  • Rich Schmitt – lydteknikar
  • Pat Ieraci – beret
  • Jim Smircich – fotografi
  • Bill Thompson – plakat
  • Gary Blackman – kunstnarisk leiar

Salslister

endre

Album

År Liste Plassering
1969 Billboard Pop Albums 17

Singel

År Singel Liste Plassering
1969 «Plastic Fantastic Lover» Billboard Pop Singles 133

Kjelder

endre
  1. Ruhlmann, William. Bless Its Pointed Little HeadAllmusic. Henta 9. juni 2019.
  2. Metzger, John (October 2004). «Jefferson Airplane: Bless Its Pointed Little Head». The Music Box 11 (#10).