Bletoppen

fjell i Tinn kommune

Bletoppen (1342 moh.) er ein del av Store Ble og er den høgaste toppen på Blefjell. Fjellet ligg i Tinn kommune i Telemark.

Bletoppen
fjell
Land  Noreg
Område Tinn (Telemark)
Fjellkjede Blefjell
Høgd 1 342 moh.
Kart
Bletoppen
59°48′30″ N 9°9′11″ E

Frå Bletoppen er det utsikt til mellom anna Jonsknuten og Skrimfjella i søraust, Lifjell i sørvest, Gaustatoppen i vest og Hardangervidda i nordvest.

Bletoppen kan ein nå ved å følgje merkt sti frå parkeringsplassen ved Nordstul, ein tur som tar 3–4 timar på sommarstid. Fleire vesentleg kortare stiar byrjar ved vegen mot Fosskard og går opp den bratte vestsida av Blefjell.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.