Aeschynitt-(Y)

(Omdirigert frå Blomstrandin)

Aeschynitt-(Y) eller eskynitt-(Y), tidlegare kalla blomstrandin eller prioritt, er eit svart til brunt, radioaktivt mineral, kjent frå ei rekkje norske granittpegmatittar. Det vart først skildra i 1906 av W.C. Brøgger frå Hidra i Vest-Agder. Mineralet er nærskyldt med euxenitt.

Aeschynitt-(Y)

Ein fin eskynitt-(Y)-krystall frå Iveland i Noreg
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formel(Y,Ca,Fe,Th)(Ti,Nb)2(O,OH)6
Strunz-klassifisering04.DF.05

Namnet blomstrandin er kalla opp etter den svensken kjemikaren C.W. Blomstrand. Namnet prioritt vart innført av Brøgger.

Kjelder

endre