Opna hovudmenyen
Blue Monday
Song av Fats Domino
Innspelt 1956
Sjanger Rhythm and blues
Selskap Imperial

5417

Låtskrivar(ar) Dave Bartholomew

«Blue Monday» er ein song opphavleg skriven av Dave Bartholomew, og først spelt inn av Smiley Lewis i 1954.[1]

Han vart seinare spelt inn i ein meir populær versjon av Fats Domino i 1956 på Imperial Records, der låtskrivinga vart tilskriven Bartholomew og Domino. Dei fleste versjonane etter dette tilskriv begge to. Barytonsaksofonsoloen vert spelt av Herbert Hardesty.[2]

Domino-versjonen vart nytta i filmen The Girl Can't Help It i 1956. Det vart ein av dei første rhythm and blues-songane som gjekk inn på Billboard si popliste, og nådde femteplassen der og heilt til topps på R&B Best Sellers-lista.[3] Songen vart gjeven ut på albuma This Is Fats i 1957 og Fats Domino sings 12,000,000 Records i 1959.

Andre versjonarEndra

Buddy Holly var ein av dei første til å spele inn songen og det same gjorde seinare Cat Stevens. Tim Curry spelte inn songen for kjenningsmelodien til TV-filmen Blue Money i 1986. Gene Summers spelte inn «Blue Monday» i 1981 på albumet Gene Summers in Nashville. Bob Seger spelte inn songen i 1989 for filmen Road House og Dr. John spelte inn songen i 1992 for albumet «Goin' Back to New Orleans.«  Huey Lewis and the News spelte inn songen i 1994 på albumet Four Chords & Several Years Ago. Keith Almgren skreiv ein svensk tekst og kalla songen «Härliga lördag». Denne vart sungen live i 1994 av Sten & Stanley.

KjelderEndra

  1. J. C. Marion, «Tee Nah Nah : The Story of Smiley Lewis» Mal:Webarchive
  2. Davis, Hank (1993). Fats Domino: Out of New Orleans. Bear Family Records. s. 42.
  3. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942–2004. Record Research. s. 167. 

BakgrunnsstoffEndra