Blur er ei engelsk britpop-gruppe. Dei er m.a. kjende for «Song 2», «Country House» og «Girls & Boys».

Blur

Blur opptrer i Roma, 2013.
OpphavLondon
Aktiv1989-2003, 2008- i dag
SjangerBrit-pop, alternativ rock
PlateselskapFood, Parlophone, Virgin, SBK
MedlemmerDamon Albarn (vokal)
Graham Coxon (gitar, vokal)
Alex James (bass)
Dave Rowntree (trommer)
PrisarMOJO Awards

Dei fire medlemmene i Blur kom saman som band i 1988 og kalla seg då Seymour. Etter at Andy Ross frå Food Records hadde høyrt gruppa live i 1989, bestemte han seg for å gje dei kontrakt med plateselskapet han representerte. Då plateselskapet var misnøgde med gruppenamnet, skifte gruppa namn frå Seymour til Blur i 1990, før platekontrakten var offisiell. Gruppa gav ut tre singlar før dei platedebuterte i 1991 med Leisure. Den mest populære av singlane var «There's No Other Way», som hamna på åttande plass.

I 1992 la gruppa ut på turné i Nord-Amerika for å kompensera for manglande inntekter, men begynte snart å lengta heim. Då albumet Modern Life Is Rubbish kom ut i 1992, var det mykje meir engelsk-prega enn det førre hadde vore. Salstala var moderate, særleg samanlikna med suksessen neste album fekk. Parklife (1994) inneheldt mellom anna den discoprega hit-singelen «Girls & Boys» og gjekk rett til topps på den britiske albumlista, der det heldt seg i 90 veker framover. I 1995 vann Blur fire Brit Awards, m.a. for beste album og beste band.

Oppglødde av suksessen gjekk Blur raskt i gang med arbeidet med neste album, The Great Escape, med «Country House» som leiande singel. «Country House» vart den fyrste Blur-singelen som toppa den britiske singellista, og straks albumet kom ut i september 1995, var kritikarane i ekstase. Den første månaden selde albumet svært bra, men då britpop-duoen Oasis gav ut (What's The Story) Morning Glory? i oktober, snudde folkerøysta, og salstala dabba av for Blur.

Tida etter The Great Escape var prega av mykje indre motsetningar i gruppa. Dei bestemte seg til slutt for å gå vekk ifrå den tidlegare brit-popen og begynte å laga musikk som var meir eksperimentell og prega av amerikansk indie-rock. Resultatet blei albumet Blur som vart delvis innspelt i Reykjavik. Fansen klaga over kommersielt sjølvmord, men albumet blei det best seljande Blur-albumet internasjonalt, trass i lunken mottaking på heimebane. Leiarsingelen «Beetlebum» gjekk til topps på den britiske singellista, og «Song 2», som er song nummer to på albumet, selde også bra som singel og har blitt den mest gjenkjennelege Blur-songen i Statane. På refrenget syng Damon Albarn "woo-hoo!" Plata inneheld også «M.O.R.», som låner rytmen og akkordprogresjonen frå «Boys Keep Swinging» av David Bowie og Brian Eno.

Blur gjekk endå lenger vekk frå britpop-opphavet sitt med albumet 13 (1999). På 2000-talet blei bandmedlemmene opptekne med andre prosjekt, m.a. var vokalist Damon Albarn involvert i "animasjonsbandet" Gorillaz. I 2001 tok dei til med nye opptak til det følgjande albumet, men gitarist Graham Coxon forlét gruppa kort tid etter at innspelinga tok til. Dette resulterte i at Albarn måtte spela noko forenkla gitarlinjer, og at dei andre instrumenta prøvde å fylla holet etter Coxon. Albumet fekk tittelen Think Tank og kom ut i mai 2003.

I desember 2008 gjorde dei fire Blur-medlemmene sin fyrste konsert sidan brotet, og har gjort mange opptrinn etter dette, m.a. under avslutningsseremonien av Sommar-OL 2012 i London. I februar 2012 vart dei tildelt prisen for Outstanding Contribution to Music under Brit Awards.

Studioalbum endre

  • Leisure (1991)
  • Modern Life Is Rubbish (1992)
  • Parklife (1994)
  • The Great Escape (1995)
  • Blur (1997)
  • 13 (1999)
  • Think Tank (2003)
  • The Magic Whip (2015)
  • The Ballad of Darren (2023)

Kjelde endre