Blythe Bay
Blythe Bay er ein ankerplass på søraustsida av Desolation Island, som ligg nord for Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Bukta grensar til Craggy Island i nordaust, Desolation Island i nordvest, Miladinovi Islets i vest og Wood Island i sør.
Blythe Bay | |||
bukt | |||
Blythe Bay og Desolation Island frp Vidin Heights på Livingston Island
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Shetlandsøyane | ||
- koordinatar | 62°28′S 60°20′W / 62.467°S 60.333°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Blythe Bay 62°28′00″S 60°20′00″W / 62.4667°S 60.3333°W | |||
Plasseringa til Desolation Island i Sør-Shetlandsøyane.
| |||
Vika var kjend for amerikanske og britiske selfangarar som Blythe Bay så tidleg som 1821. I 1930-åra vart namnet nytta om ei stor bukt mellom Williams Point og Cape Shirreff (i dag Hero Bay). Denne feilen vart retta opp og namnet Blythe Bay er no slik det opphavleg var. Ho er truleg kalla opp etter Blythe (i dag Blyth) i England, heimstaden til William Smith som rapporterte å ha oppdaga Sør-Shetlandsøyane i 1819.
Kjelder
endre- SCAR Composite Antarctic Gazetteer.
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Blythe Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).