Hero Bay er ei bukt på nordsida på Livingston Island mellom Cape Shirreff og Williams Point i Sør-Shetlandsøyane. Namnet «Blythe Bay» vart opphavleg nytta om ei lita buk på søraustsida av Desolation Island på kartet til George Powell frå 1822 publisert av Richard Holmes Laurie, men vart feilaktig overført til denne bukta i 1930-åra. Denne feilen er no retta og denne bukta fekk nytt namn. Hero Bay er kalla opp etter den amerikanske sluppen «Hero», under kaptein Nathaniel B. Palmer, som var eit av fartøya i selfangstflåten til Pendleton frå Stonington i Connecticut, som vitja Sør-Shetlandsøyane i 1820–21.[1]

Hero Bay
bukt
Land  Antarktis
Stad Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°31′S 60°27′W / 62.517°S 60.450°W / -62.517; -60.450
Lengd 11 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Hero Bay
62°31′00″S 60°27′00″W / 62.5167°S 60.45°W / -62.5167; -60.45
Plasseringa til Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
Hero Bay is located in Antarktis
Hero Bay (Antarktis)
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Kjelder

endre
  1. «Hero Bay». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hero Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).