Bnei Ayish

(Omdirigert frå Bnei Aish)

Bnei Ayish (hebraisk skrift בְּנֵי עַיִ"שׁ) er ein by (lokal kommune) i Sentral-Israel i Israel. Han ligg kring 10 km frå Ashdod ved grensa til Gedera.

Bnei Ayish
lokal kommune
Namneopphav: Søner av Akiva Yosef Schlezinger
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 31°47′18.94″N 34°45′39.29″E / 31.7885944°N 34.7609139°E / 31.7885944; 34.7609139
Areal 0,836 km²
Folketal 7 600  (2005)
Folketettleik 9 091 / km²
Grunnlagd 1951
 - Bystatus 1981
Kart
Bnei Ayish
31°47′21″N 34°45′33″E / 31.7892°N 34.759097222222°E / 31.7892; 34.759097222222
Wikimedia Commons: Bnei Ayish

Bnei Ayish vart grunnlagd på landområde som høyrte til den avfolka palestinsk-arabiske landsbyen Yasur.[1]

Bnei Ayish tente opphavleg som ein transittleir for immigrantar frå Jemen tidleg i 1950-åra. Før det israelske sjølvstendet tente området som militærbase for den britiske hæren under Palestinamandatet. I dag består folkesetnaden nesten utelukkande av jødar som stammar frå Jemen og immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen.

Bnei Ayish, som tyder 'søner av Ayish', er kalla opp etter rabbinaren Akiva Yosef Schlezinger som fekk namnet sitt forkorta til «Ayish».

Kjelder endre

  1. Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, s. 139, ISBN 0-88728-224-5