Opna hovudmenyen

Bnei Atarot (hebraisk skrift בְּנֵי עֲטָרוֹת, tyder Atarotsønene) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Yehud, kring 15 km aust for Tel Aviv, på ei frodig slette like aust for Tel Aviv storbyområde ved Ben Gurion lufthamn i Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 641.

Bnei Atarot
בְּנֵי עֲטָרוֹת
landsby
Ataroth.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Kommune Hevel Modi'in
Koordinatar 32°1′23.87″N 34°54′48.59″E
Grunnlagd 1948
 - Grunnlagd av tidlegare innbyggjarar frå Atarot
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bnei Atarot
Nettstad: www.bney-atarot.org.il

HistorieEndra

Bnei Atarot ligg på staden der Tempelriddar-kolonien Wilhelma, grunnlagd i 1902 låg. Denne vart kalla opp etter Vilhelm II. Under andre verdskrigen vart tyske busetjarar i Palestinamandatet arresterte som fiendar av nasjonen og deporterte av britane.[1]

Etter krigen var over, vart ein ny busetnad grunnlagd av tidlegare innbyggjarar frå den fråflytta moshaven Atarot (som vart øydelagd av den arabiske legionen), og tok namnet sitt frå denne. I tillegg kom det innbyggjarar frå Nehalim i Øvre Galilea og Be'erot Yitzhak i Negev. Han vart verande eit gardssamfunn og dei fleste av dei originale husa vart bevarte.

Nærleiken til Tel Aviv storbyområde hat før til ei suburbanisering og det landlege preget til landsbyen har gradvis falle bort. Seint i 1990-åra vart det bygd eit nytt bustadområde nordaust i moshaven som bestod av private heimar. I nyare tid har innbyggjarar måtte flytta vekk på grunn av støyproblema som kjem av nærleiken til Ben Gurion internasjonale lufthamn.[2]

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. «The nine lives of the Lorenz Cafe». Haaretz. 20. januar 2008. 
  2. «IAA to evacuate Bnei Atarot residents affected by Ben-Gurion noise». Iema.net. 30. august 2007. 

BakgrunnsstoffEndra