Be'erot Yitzhak

Be'erot Yitzhak (hebraisk skrift בְּאֵרוֹת יִצְחָק, tyder Yitzhak-brunnane) er ein religiøs kibbutz sentralt i Israel. Han ligg nær Yehud og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 380.

Be'erot Yitzhak
בְּאֵרוֹת יִצְחָק
kibbutz
Beeroth Ytzhak Entrance.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Kommune Hevel Modi'in
Koordinatar 32°2′34.07″N 34°54′32.04″E
Grunnlagd 1943 (opphavleg plassering)
1952 (noverande plassering)
 - Grunnlagd av Tsjekkoslovakiske og tyske immigrantar
Tilhøyrsle den religiøse Kibbutzrørsla
Kart
Be'erot Yitzhak
32°2′34″ N 34°54′32″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beerot Yitzhak
Nettstad: www.beerot.co.il

HistorieEndra

Kibbutzen låg opphavleg nær Gaza (der kibbutz Alumim i dag ligg) i 1943 av ei gruppe immigrantar frå Tsjekkoslovakia og Tyskland som var medlemmar av Alliansen av religiøse pionerar (Brit Halutzim Dati'im), og vart kalla opp etter rabbi Yitzhak Nisanboim. Namnet er òg til minne om patriarken Isak som leitte etter vatn i dette området.[1]

I 1947 hadde landsbyen eit folketal på 150.[1] Under den arabisk-israelske krigen i 1948 leid kibbutzen store tap og vart kraftig øydelagd av den egyptiske hæren i slaget ved Be'erot Yitzhak, som omfatta luftåtak. I følgje ein rapport frå Jewish National Fund, vart egyptarane drivne ut langs bakken og leid tap på fleire hundre mann.[1] Landsbyen vart fråflytta og heimane øydelagde. I 1949 prøvde ein å opprette kibbutzen på ny i ruinane av Wilhema. I 1952 flytta innbyggarane til den noverande staden.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 15. 

BakgrunnsstoffEndra