Vilhelm II av Tyskland

Vilhelm II av Tyskland (27. januar 18594. juni 1941), døypt Friedrich Wilhelm Albert Victor, med tittelen prins av Hohenzollern, var keisar av Tyskland i tida 1888-1918. Vilhelm II var den siste tyske keisaren og kongen av Preussen. Han vart fødd i Potsdam og døydde i Doorn i Nederland.

Vilhelm II
Emil Hünten Kaiser Wilhelm II Portraitstudie.jpg
Konge av Preussen og keisar av Det tyske riket
Regjeringstid15. juni 1888-9. november 1918
TyskWilhelm II
Fødd27. januar 1859
FødestadKronprinzenpalais
Død4. juni 1941
DødsstadHuis Doorn
GravstadHuis Doorn
Gift medAuguste Viktoria av Slesvig-Holsten-Sønderborg-Augustenborg, Hermine Reuß ältere Linie
DynastiHohenzollern
FarFriedrich III.
MorVictoria av Tyskland
BornWilhelm von Preußen, Eitel Fredrik av Preussen, Adalbert von Preußen, August Wilhelm von Preußen, Oskar av Preußen, Joachim von Preußen, Viktoria Luise von Preußen
Vilhelm II og kona Auguste Viktoria av Schleswig-Holstein-Sonderburg-Augustenburg, som han gifta seg med i 1881

Vilhelm II var son til keisar Fredrik III av Tyskland og keisarinne Viktoria. Keisarinna var dotter til dronning Victoria av Storbritannia. Vilhelm II var soleis soneson både av keisar Vilhelm I av Tyskland og dronning Victoria av Storbritannia.

Vilhelm II var tysk keisar og konge av Preussen frå 1888 til 1918. I 1890 lét han Otto von Bismarck gå av som tysk rikskanslar.

Etter nederlaget i fyrste verdskrigen gjekk han av som keisar og flykta til Nederland, der han døydde i 1941.

Vilhelm II og NoregEndra

Vilhelm II og leiande tyske krinsar reiste om somrane ofte langs kysten av Noreg. Mellom anna var keisaren innom i Balestrand og i Odda. Reisene gjekk ofte føre seg på krigsskip, og keisaren fekk synt fram Tyskland si flåtemakt.

Ålesund brann i 1904 fekk Vilhelm organisert hjelp til gjenoppbygging av byen. Ålesund vart bygd opp i mykje tyskinspirert jugendstil.

I 1913 fekk Vilhelm II reist ein kjempestatue av vikinghelten Fridtjof den frøkneVangsnes, og statuen av kong Bele ved gravhaugane i Balestrand. Reisinga av statuane var uttrykk for ei ovundring av vikingtida.

1. august 1888 vart Vilhelm tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.

BakgrunnsstoffEndra

Nettlenkjer

Litteratur

  • Henningsen, Bernt: (m.fl.): Tyskland og Skandinavia : 1800-1914 : impulser og brytninger, Berlin 1997. ISBN 91-7100-542-0