Bnei Ayish
Bnei Ayish (hebraisk skrift בְּנֵי עַיִ"שׁ) er ein by (lokal kommune) i Sentral-Israel i Israel. Han ligg kring 10 km frå Ashdod ved grensa til Gedera.
Bnei Ayish | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Søner av Akiva Yosef Schlezinger | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 31°47′18.94″N 34°45′39.29″E / 31.7885944°N 34.7609139°E | ||
Areal | 0,836 km² | ||
Folketal | 7 600 (2005) | ||
Folketettleik | 9 091 / km² | ||
Grunnlagd | 1951 | ||
• Bystatus | 1981 | ||
Bnei Ayish 31°47′21″N 34°45′33″E / 31.7892°N 34.759097222222°E | |||
Kart som viser Bnei Ayish.
| |||
Wikimedia Commons: Bnei Ayish |
Bnei Ayish vart grunnlagd på landområde som høyrte til den avfolka palestinsk-arabiske landsbyen Yasur.[1]
Bnei Ayish tente opphavleg som ein transittleir for immigrantar frå Jemen tidleg i 1950-åra. Før det israelske sjølvstendet tente området som militærbase for den britiske hæren under Palestinamandatet. I dag består folkesetnaden nesten utelukkande av jødar som stammar frå Jemen og immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen.
Bnei Ayish, som tyder 'søner av Ayish', er kalla opp etter rabbinaren Akiva Yosef Schlezinger som fekk namnet sitt forkorta til «Ayish».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bnei Ayish» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, s. 139, ISBN 0-88728-224-5