Bnei Yehuda i Golanhøgdene
Bnei Yehuda (hebraisk בְּנֵי יְהוּדָה) er ei israelsk busetjing, ein moshav, som ligg sør i Golanhøgdene, administrert av Israel. Moshaven vart grunnlagd i 1972 og er ein del av Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[2]
Bnei Yehuda | |||
בְּנֵי יְהוּדָה | |||
landsby | |||
Region | Golanhøgdene | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Golan | ||
Koordinatar | 32°47′54.96″N 35°41′22.55″E / 32.7986000°N 35.6895972°E | ||
Folketal | 1 085 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1972 | ||
Bnei Yehuda i Golanhøgdene 32°47′55″N 35°41′23″E / 32.7986°N 35.689597222222°E | |||
Kart som viser Bnei Yehuda i Golanhøgdene.
|
Historie
endreVinteren 1885 grunnla medlemmar av Gamle Yishuv i Safed Beit Yehuda-samfunnet og kjøpte 15 000 dekar land frå landsbyen Ramthaniye sentralt i Golan.[3] På grunn av økonomiske vanskar og vanskar med å sikre ein kushan (osmansk landskøyte) vart staden fråflytta eit år seinare. Kort tid etter omgrupperte samfunnet seg og kjøpte 2 000 dekar land frå landsbyen Bir e-Shagum på vestsida av Golan.[4]
I 1890 vart det bygd seks hus med hjelp av Hovevei Zion frå London. I 1906 var folketalet 33, og landarealet var 3 500 dekar (3,5 km2). Ein Hashomer-plan for å busetje fleire bønder der i 1913 vart mislukka.[5][6] Jødane flykta etter Nebi Musa-opprøra i 1920.[7] Bernstein-familien var den siste som drog der frå, den 25. april 1920, etter at arabarane gjekk til åtak på landsbyen og drap to familiemedlemmar[8]
I dag
endreDen moderne Bnei Yehuda vart grunnlagd i 1972 aust for den tidlegare staden, av arbaidarar ved Negev kjernefysiske forskingssentral og Israel Aircraft Industries, etter ønskj frå Jewish Agency.[9]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bnei Yehuda, Golan Heights» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.citypopulation.de/en/israel/northern/golan/4015__bene_yehuda/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003296.
- ↑ «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009.
- ↑ Separation of Trans-Jordan from Palestina, Yitzhak Gil-Har, The Jerusalem Cathedra, ed. Lee Levine, Yad Yitzhak Ben Zvi and Wayne State University, Jerusalem, 1981, s.306
- ↑ Reshaping Palestina: From Muhammed Ali to the Det britiske mandatet, 1831-1922, Martin Sicker
- ↑ M. R. Fishbach, Jewish property claims against Arab countries, Columbia University Press (2008), pp36-37.
- ↑ Aharonson, Ran. Rothschild and early Jewish colonization in Palestina, Rowman & Littlefield, 2000. pg. 98. ISBN 0-7425-0914-1
- ↑ Separation of Trans-Jordan from Palestine, Yitzhak Gil-Har, The Jerusalem Cathedra, ed. Lee Levine, Yad Yitzhak Ben Zvi and Wayne State universitet, Jerusalem, 1981, s.306
- ↑ Vilnai, Ze'ev (1976). «Benei-Yehuda». Ariel Encyclopedia. Volume 1. Israel: Am Oved. s. 955–57. (he)
- ↑ HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 145–46. ISBN 965-448-413-7. (he)