Božena Němcová
Božena Němcová (4. februar 1820–21. januar 1862) var ein viktig bøhmisk forfattar av tysk-austerriksk og tsjekkisk opphav.
Božena Němcová | |
Statsborgarskap | Keisardømet Austerrike |
Fødd | 4. februar 1820 Wien |
Død |
21. januar 1862, 21. april 1862 (41 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, barnebokforfattar, eventyrsamlar, redaktør, nasjonal vekker, kommentator, romanforfattar |
Far | Johann Pankl |
Mor | Terezie Panklová |
Ektefelle | Josef Němec |
Born | Karel Němec, Theodora Němcová, Jaroslav Němec, Hynek Němec |
Božena Němcová på Commons |
Liv og virke
endreBakgrunn
endreNěmcová heitte opphavleg Barbara Betty Pankel. Foreldra var Johann Pankel, ein kusk som stamma frå Niederösterreich, og Teresie Novotná, ei tsjekkisk tenestejente. Foreldra gifta seg først sommaren etter at ho blei fødd, i Böhmen. Då faren blei tilsett som kusk for grev Karl Rudolf von der Schulenburg og kona hans, hertuginne Katharina Wilhelmine von Sagan, ved slottet Nachod, flytta familien til Ratiborschitz i bøhmisk Skalitz. Mora arbeidde der som vaskekone ved det lokale slottet, der Božena voks opp.
I 1837 gifta ho seg 17 år gammal etter press frå mora med den statlege finanstenestemannen Josef Němec, ein ivrig tsjekkisk nasjonalist. Ekteskapet var ulykkeleg og prega av fattigdom. I 1842 fekk ektemannen ei stilling i Praha, provinshovudstaden i Böhmen. Der kom ho i kontakt med førande krefter innan tsjekkisk nasjonalisme, som František Palacký.
Forfattarskap
endreHo byrja å skriva, og brukte det tsjekkiske førenamnet Božena.
I tida 1842-45 skreiv ho særleg eventyr og dikt. Den fyrste publiserte teksten hennar var eit nasjonalt innstilt dikt, Ženám Českým/An die Tschechischen Frauen frå 1843. I 1845 gav ho ut Obrazy z okolí domažlického (Reisebilde aus der Gegend von Taus), og i 1845-47 ulike eventyr og segner ho hadde samla.
På grunn av aktivitetane sine i samband med den mislykka revolusjonen i 1848 blei Josef Němec flytta til Slovakia (som då var del av Ungarn), medan Božena blei verande i Böhmen med dei fire barna deira. Ho vitja mannen, og skreiv òg bøker om slovakiske tema.
I 1855 gav ho ut hovudverket Babička (bestemora, tysk Die Großmutter), som i mange omstende bar preg av å vera sjølvbiografisk. Boka var inspirert av barndommen hennar i Böhmen. Boka har fått ein viktig plass i tsjekkisk kultur. Etter at forfattaren døydde blei bestemora, heltinna i hovudverket Babička, ein tsjekkisk nasjonalromantisk identifikasjonsfigur. Boka er blitt filmatisert fleire gonger.[1]
Němcová døydde av kreft i 1862 og er gravlagd på Vyšehrad gravlund.
Den tsjekkisk-tyske filmen Tre nøtter til Askepott frå 1971 er basert på eit av eventyra til Božena Němcová.
Kjelder
endre- ↑ «Central Europe Review - Bozena Nemcova's The Grandmother», www.pecina.cz, henta 19. desember 2022
- Denne artikkelen bygger på «Božena Němcová» frå Wikipedia på bokmål, den 19. desember 2022.
Litteratur
endre- Berwanger, Katrin: Die szenische Poetik Božena Němcovás. – München: Sagner, 2001
- Morava, Jirí: Sehnsucht in meiner Seele. – Innsbruck: Haymon, 1995
- Tosch, Berta: Zum 100. Geburtstag Božena Němcovás. – i: Österreichische Osthefte 4.1962 – S. 299-401