Bob Mathias
Robert Bruce Mathias, kjend som Bob Mathias, (19. november 1930–2. september 2006) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar og politikar, fødd i Tulare i California. Han vart olympisk meister i tikamp både i 1948 og 1952.
Bob Mathias | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 17. november 1930 Tulare |
Død |
2. september 2006 (75 år) |
Yrke | politikar, fjernsynsskodespelar, friidrettsutøvar, offiser, tikjemper |
Språk | engelsk |
Høgd | 1,90 meter |
Politisk parti | Det republikanske partiet i USA |
Bob Mathias på Commons |
Idrett
endreMathias byrja med med mangekamp i 1948, og kvalifiserte seg til Sommar-OL 1948 i London. I London viste han seg, 17 år gammal, som bestemann i tevlinga og vann tikamp-øvinga med 165 poengs margin til sølvvinnaren, Ignace Heinrich frå Frankrike. Han var tidenes yngste vinnar av OL-gull i friidrett til vesttyske Ulrike Meyfarth vann høgdehopp under München-leikane i 1972.
Fire år etter triumfen i London vann Mathias ein ny gullmedalje då Sommar-OL 1952 vart avvikla i den finske hovudstaden Helsinki. Med 7 887 poeng og ny verdsrekord var han i ei heilt eiga klasse, andremann Milt Campbell stoppa på 6 975 poeng. Etter Helsinki-OL la han opp som idrettsutøvar.
Politikk
endreFrå 1967 til 1975 representerte Mathias Det republikanske partiet California i Representanthuset i Washington D.C. Ved valet i 1974 tapte han for den demokratiske kandidaten i valkrinsen.
Mathias døydde i Fresno i California.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bob Mathias» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2015.