Opna hovudmenyen

Bob Wootton

amerikansk musikar

Robert «Bob» Wootton (4. mars 19429. april 2017) var ein USA-amerikansk gitarist. Han vart med i bandet til Johnny Cash, The Tennessee Three, etter den originale sologitarist Luther Perkins omkom i ein husbrann. Han var gitaristen til Cash i nesten tretti år.

Bob Wootton
Fødd4. mars 1942
Død9. april 2017
OpphavUSA
Instrumentgitar
Verka sommusikar, gitarist

Wootton hadde vore langvarig fan av Cash og kunne alle songane hans perfekt. I 1968 tok han over rolla som gitaristen til Cash og spelte med han til Cash trekte seg frå turnélivet i 1997.[1]

KjelderEndra

  1. Forbish, Lynn (10. mars 1982). «Johnny Cash Special travels with gusto». The Evening Independent. Henta 14. august 2011.