Opna hovudmenyen

Bobby Gregg

amerikansk musikkprodusent og musikar

Robert J. «Bobby» Gregg (fødd 30. april 1936 som Robert Grego, daud 3. mai 2014)[1] var ein USA-amerikansk musikar som spelte trommer og var plateprodusent. Som trommeslagar og bandleiar spelte han inn eitt soloalbum og fleire singlar, inkludert ein singel på topp 40 i USA i 1960-åra. Han er meir kjend som trommeslagar for andre artistar i 1960-åra, og spelte mellom anna på Bob Dylan sin «Like a Rolling Stone», inkludert det kjende skarptrommeslagar som opnar songen, og Simon and Garfunkel sin «The Sound of Silence». Han var òg ei kort stund medlem av The Hawks, som seinare vart kjend som The Band.

Bobby Gregg
Fødd30. april 1936(1936-04-30)
FødestadPhiladelphia, Pennsylvania, United States
Død3. mai 2014 (78 år)
DødsstadLas Vegas i USA
FødenamnRobert Grego
OpphavUSA
Aktiv1955–2014
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarBob Dylan, Simon & Garfunkel, Peter, Paul & Mary, John Cale
Verka somMusikar, plateprodusent

Gregg arbeidde med Bob Dylan på den elektriske sida av Bringing It All Back Home i 1965.[2] Han deltok òg på innspelinga av Highway 61 Revisited

Andre artistar Gregg spelte for var mellom andre Peter, Paul and Mary og John Cale og Terry Riley på albumet deira Church of Anthrax.[3][4]

KjelderEndra

  1. Robert Gregg. «Robert Gregg Obituary - Las Vegas, NV | LVRJ.com». Obits.reviewjournal.com. Henta 1. august 2015. 
  2. Irwin, C. (2008). Bob Dylan Highway 61 Revisited. s. 24. ISBN 978-0-8230-8398-5. 
  3. «Bobby Gregg». The Band. Henta 16. august 2009. 
  4. Irwin, C. (2008). Bob Dylan Highway 61 Revisited. s. 241, 244. ISBN 978-0-8230-8398-5.