Opna hovudmenyen
Bringing It All Back Home
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 22. mars 1965
Innspelt 13. til 15. januar 1965
Studio Columbia Studio A & Studio B i New York City
Sjanger
Lengd 47:21
Selskap Columbia
Produsent Tom Wilson
Bob Dylan-kronologi
Another Side of Bob Dylan
(1964)
Bringing It All Back Home Highway 61 Revisited
(1965)


Singlar frå Bringing It All Back Home
  1. «Subterranean Homesick Blues»
    Utgjeve: 8. mars 1965
  2. «Maggie's Farm»
    Utgjeve: Juni 1965
  3. «Gates of Eden»
    Utgjeve: 20. juli 1965

Bringing It All Back Home er det femte studioalbumet til Bob Dylan og kom ut i mars 1965 på Columbia Records.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
Chicago Tribune4/4 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
Encyclopedia of Popular Music5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[5]
Entertainment WeeklyA[6]
Music Story4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[7]
MusicHound Rock4.5/5[8]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[9]

Albumet er delt inn i ei elektrisk og ei akustisk side. På side ein av den opphavlege LPen spelte Dylan elektrisk rock and roll i lag med eit fullt band, noko som fjerna han frå sine tidlegare likemenn i visesongrørsla. På same måte på den akustiske sida distanserte han seg frå protestsongane han hadde vore tett assosiert med tidlegare (som «Blowin' in the Wind» og «A Hard Rain's a-Gonna Fall») og tekstane hans vart meir abstrakte og personlege.

Albumet nådde sjetteplassen på den amerikanske Billboard-lista og var det første Dylan-albumet som nådde Topp 10 i heimlandet. Albumet gjekk til topps i Storbritannia. Den første singelen frå albumet, «Subterranean Homesick Blues» var den første singelen hans som gjekk inn på lista i USA og nådde 39. plass.

InnspelingaEndra

Dylan heldt seg mykje i Woodstock sommaren 1964, ein liten by nord i staten New York. Manageren til Dylan, Albert Grossman, hadde eit hus her og då Joan Baez kom for å vitje Dylan i august dette året, budde dei huset til Grossman.

Baez hugsar at Dylan stort sett sat føre skrivemaskinen og skreiv og skreiv. Han hadde alt ein song klar for det nye albumet, «Mr. Tambourine Man» vart skriven i februar 1964, men kom ikkje med på Another Side of Bob Dylan. Ein annan song, «Gates of Eden», var òg skriven tidlegare på året. Minst to songar vart skriven denne månaden i Woodstock, «If You Gotta Go, Go Now» og «It's Alright Ma (I'm Only Bleeding)».

På denne tida vart Dylan stadig meir interessert i surrealisme. Prosaen hans vart òg meir stilistisk, og minna ofte om medvitsstraumskriving.

Dylan kom tilbake til New York og den 28. august møtte han The Beatles for første gong på hotellet deira (der Dylan visstnok introduserte dei for marijuana), eit møte som førte til ei radikal endring i låtskrivinga til Beatles, som etter dette vart meir sjølvgranskande. Dylan hadde alltid eit godt forhold til the Beatles.

Dylan og produsenten Tom Wilson starta like etter å eksperimentere med si eiga blanding av rock og folkemusikk. Dei prøvde først å legge eit elektrisk akkompagnement til Dylan si akustiske utgåve av «House of the Rising Sun». Resultatet vart ikkje særleg bra og det heile vart skrinlagd. Dylan vendte seg så til eit anna folkrockeksperiment som John Hammond hadde gjort. Han var ein gammal ven og faren, John Hammond, var personen som fekk Dylan til Columbia. Hammond planla eit elektrisk album rundt bluessongar som utgjorde dei akustiske konsertane hans på denne tida. For å få dette til fekk han med seg tre medlemmer av eit kanadisk pub-band han hadde møtt i 1963: gitaristen Robbie Robertson, trommeslagaren Levon Helm og organisten Garth Hudson (medlemmer av The Hawks, som seinare skifta namn til The Band). Dylan var særs entusiastisk i forhold til dette albumet, So Many Roads.

Då Dylan og Wilson starta arbeidet på det neste albumet let dei sitt eige elektriske eksperiment ligge. Den første innspelinga, den 13. januar 1965 i Columbia Studio A i New York, vart spelt inn solo, med Dylan på piano eller akustisk gitar. Ti songar og fleire songutkast vart spelt inn, men nesten alle vart vraka. Ingen av desse innspelingane vart nytta for albumet, men tre av dei vart gjeven ut seinare: «I'll Keep It With Mine» på Biograph og «Farewell Angelina» og ei akustisk utgåve av «Subterranean Homesick Blues» på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991.

Andre songar og songutkast frå denne innspelinga var: «Love Minus Zero/No Limit», «It's All Over Now, Baby Blue», «Bob Dylan's 115th Dream», «She Belongs To Me», «Sitting On A Barbed-Wire Fence», «On The Road Again», «If You Gotta Go, Go Now», «You Don't Have To Do That» og «Outlaw Blues». Alle desse var originale songar.

Dylan og Wilson gjekk i Studio A igjen dagen etter, denne gongen med eit fullt, elektrisk band. Gitaristane Al Gorgoni, Kenneth Rankin og Bruce Langhorne vart tekne inn, samt pianisten Paul Griffin, bassistane Joseph Macho, Jr. og William E. Lee og trommeslagaren Bobby Gregg. Dei spelte på åtte songar denne dagen. I følgje Langhorne øvde dei ikkje, «me berre gjorde det på sparket, det var utruleg intuitivt og likevel suksessfullt.». Dei brukte eit par forsøk på kvar song og etter 3,5 time på ettermiddagen hadde dei spelt inn «Love Minus Zero/No Limit», «Subterranean Homesick Blues», «Outlaw Blues», «She Belongs To Me» og «Bob Dylan's 115th Dream» som alle vart valt ut for det endelege albumet.

Etter ein middagspause gjekk visstnok Dylan i studio igjen med andre musikarar, mellom andre John Hammond, Jr. og John Sebastian (berre Langhorne var att frå tidlegare på dagen). Dei spelte inn seks songar, men resultatet vart ikkje så bra og opptaka vart vraka.

Dagen etter vart den siste innspelingsdagen. Dylan nytta seg av dei same studiomusikarane som dei første opptaka frå dagen før, bortsett frå pianisten Paul Griffin, som ikkje kunne kome og vart erstatta av Frank Owens. Daniel Kramer fortel «musikarane var entusiastiske. Dei diskuterte med kvarandre og løyste problema etter kvart som dei oppstod. Dylan hoppa rundt frå mann til mann og forklarte korleis han ville ha det, ofte viste han dei på piano kva han trong. Det var som eit svært puslespel, bitane kom saman og heile bilete steig fram. Dei fleste av songane gjekk greit å spele inn og dei trong berre tre-fire forsøk. Stundom høyrdest det første opptaket heilt annleis ut enn det siste, fordi dei spelte i forskjellig tempo, eller kanskje dei spelte ein annan akkord, eller soloane vart arrangert forskjellig. Arbeidsmetoden hans, at han var så bevisst på kva han ønskte, gjorde at det heile flytta seg framover.»

Innspelinga starta med «Maggie's Farm», og dei trong berre eit forsøk. Dei andre songane var «On The Road Again», «It's Alright, Ma (I'm Only Bleeding)», «Gates Of Eden», «Mr. Tambourine Man», og «It's All Over Now, Baby Blue», som alle vart sett til side for albumet. Songen «If You Gotta Go, Go Now» vart òg vald ut, men kom ikkje med på albumet til slutt. I staden for vart han gjeven ut som singel i Europa, men ikkje i USA eller Storbritannia.

Sjølv om Dylan kunne ha spelt inn elektriske utgåver av alle songane som finst på det endelege albumet, ville han tydelegvis ikkje at heile albumet skulle vere elektrisk.

UtgjevingEndra

Bringing It All Back Home kom ut same dag som Dylan heldt siste konsert på ein felles turne med Joan Baez. På dette tidspunktet hadde Dylan vorte langt meir populær og kjend enn Baez og musikken hans hadde utvikla seg frå den tidlegare visesjangeren i ei heilt unik retning. Det var siste gong dei spelte i lag på denne måten fram til 1975. Tidspunktet var passande sidan Bringing It All Back Home markerte ein ny æra for Dylan.

Bringing It All Back Home er eit av dei mest kritikarroste albuma til Dylan og har vorte kalla eit av dei største albuma i rockehistoria. I 1979 skreiv kritikar Dave Marsh i Rolling Stone Record Guide: «Ved å blande Chuck Berry-rytmen til the Rolling Stones og the Beatles med venstrevridd, visesong, førte Dylan det verkeleg heim, og skapte ein slags ny rock and roll [...] som gjorde alle former for kunstnarisk tradisjon open for rock.» Clinton Heylin skreiv seinare at Bringing It All Back Home kanskje var det viktigaste albumet i denne perioden. I 2003 vart det rangert på 31. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Før året var omme hadde Dylan spelt inn og gjeve ut albumet Highway 61 Revisited, som tok den nye lyriske og musikalske retninga enno lenger.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Bob Dylan. 

Side ein (Elektrisk side)
# TittelInnspelt Lengd
1. «Subterranean Homesick Blues»  14. januar 1965 2:21
2. «She Belongs to Me»  14. januar 1965 2:47
3. «Maggie's Farm»  15. januar 1965 3:54
4. «Love Minus Zero/No Limit»  14. januar 1965 2:51
5. «Outlaw Blues»  14. januar 1965 3:05
6. «On the Road Again»  15. januar 1965 2:35
7. «Bob Dylan's 115th Dream»  13. januar (intro) og 14. januar 1965 6:30
Side to (Akustisk side)
# TittelInnspelt Lengd
1. «Mr. Tambourine Man»  15. januar 1965 5:30
2. «Gates of Eden»  15. januar 1965 5:40
3. «It's Alright, Ma (I'm Only Bleeding)»  15. januar 1965 7:29
4. «It's All Over Now, Baby Blue»  15. januar 1965 4:12

MedverkandeEndra

Andre medverkandeEndra

TekniskEndra

SalslisterEndra

Liste (1965) Plassering
UK Albums Chart[10] 1
US Billboard 200[11] 6

SinglarEndra

År Singel Listeplasseringar
US Main
[11]
US Cont
[11]
UK
[10]
1965 «Subterranean Homesick Blues» 39 6 9
«Maggie's Farm» 22

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[12] 88 900 [13]*
Storbritannia (BPI)[14] Gull 100 000^
USA (RIAA)[15] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Hermes, Will (22. mars 2016). «How Bob Dylan's 'Bringing It All Back Home' 'Stunned the World'». Rolling Stone. Jann Wenner. Henta 4. november 2018. We look back at Bob Dylan's 'Bringing It All Back Home,' which saw him go electric, invent folkrock and redefine what can be said in a song. 
  2. Breihan, Tom (21. september 2010). «Morning Benders, Mirah Pay Bob Dylan Tribute». Pitchfork. 
  3. 3,0 3,1 Erlewine, Stephen Thomas. Bringing It All Back HomeAllmusic. Henta 4. november 2018.
  4. Kot, Greg (25. oktober 1992). «Dylan Through The Years: Hits And Misses». Chicago Tribune. Henta 4. november 2018. 
  5. Larkin, Colin (2011). «Bob Dylan». Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 0857125958. 
  6. Flanagan, Bill (29. mars 1991). «Dylan Catalog Revisited». EW.com. Henta 4. november 2018. 
  7. «Bringing It All Back Home». Acclaimed Music. Henta 4. november 2018. 
  8. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  9. Brackett, Nathan; with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide. New York, NY: Fireside. s. 262. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 4. november 2018. 
  10. 10,0 10,1 «Bob Dylan | Artist». The Official Charts Company. Henta 4. november 2018. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Bringing It All Back HomeAllmusic. Henta 4. november 2018.
  12. «French album salstrofé – Bob Dylan – Bringing It All Back Home» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  13. http://www.infodisc.fr/Ventes_Albums_Tout_Temps.php?debut=5100
  14. «British album salstrofé – Bob Dylan – Bringing It All Back Home». British Phonographic Industry.  Enter Bringing It All Back Home in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  15. «American album salstrofé – Bob Dylan – Bringing It All Back Home». Recording Industry Association of America. Henta 4. november 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH