Highway 61 Revisited

Highway 61 Revisited
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 30. august 1965
Innspelt Juni til august 1965
Studio Columbia Studio A i 799 Seventh Avenue i New York
Sjanger
Lengd 51:26
Selskap Columbia
Produsent Bob Johnston
Tom Wilson på «Like a Rolling Stone»
Bob Dylan-kronologi 
Bringing It All Back Home
(1965)
Highway 61 Revisited Blonde on Blonde
(1966)


Singlar frå Highway 61 Revisited
  1. «Like a Rolling Stone»
    Utgjeve: 20. juli 1965
  2. «Highway 61 Revisited»
    Utgjeve: 21. desember 1965

Highway 61 Revisited er det sjette studioalbumet til Bob Dylan og kom ut i august 1965 på Columbia Records. Det er det første Dylanalbumet som berre består av elektrisk musikk, etter at berre halve Bringing It All Back Home hadde vore elektrisk og den andre halvdelen akustisk. Albumet vert ofte sagt å dokumentere «den sinte, unge mannen»-perioden i karrieren til Dylan, og kom innimellom dei meir leikne albuma på denne tida. Mange av songane på Highway 61 Revisited er anklagande i ein primitiv, høglydt stil.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]
Chicago Tribune4/4 stars[2]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[3]
Entertainment WeeklyA+[4]
The Great Rock Discography10/10[5]
Music Story5/5 stars[5]
MusicHound Rock5/5[6]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[7]
Sputnikmusic5/5[8]

På albumet finn ein kjende songar som «Like a Rolling Stone», «Desolation Row», «Highway 61 Revisited» og «Ballad of a Thin Man». Det vert av mange rekna for å vere det beste og viktigaste albumet til Dylan. Artisten sjølv har sagt, «eg vil aldri klare å lage eit betre album enn det... Highway 61 er berre altfor bra. Det er mykje på det albumet som sjølv eg kunne lytta til».[9] Forfattaren Michael Gray har skrive at på mange måtar «byrja» 1960-åra med dette albumet.[10]

Albumet nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard-lista og fjerdeplassen i Storbritannia, medan «Like a Rolling Stone» nådde andreplassen i USA og fjerdeplassen i Storbritannia. Denne songen vart òg kåra til den beste songen gjennom tidene av musikkmagasinet Rolling Stone og toppar Topp 500-lista deira. I tillegg finn ein «Desolation Row» og songen «Highway 61 Revisited» på denne lista, på høvesvis 185. og 364. plass. Albumet sjølv vart rangert på fjerdeplassen av magasinet på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Highway 61 endre

 
Skilt frå krysset mellom Routes 61 og Route 49.

Då Dylan skreiv albumet gjekk Highway 61, stundom kalla «Bluesvegen» eller «The Blues Highway», frå New Orleans gjennom Memphis og frå Iowa gjennom Duluth (fødestaden til Dylan) til den kanadiske grensa. Songen er ofte nemnd i bluessongar, mellom anna Mississippi Fred McDowell sin «61 Highway» og James «Son» Thomas sin «Highway 61». Bessie Smith døydde i ei bilulukke på denne vegen, og det var her Robert Johnson i følgje segna skal ha seld sjela si til djevelen ved krysset mellom Highway 61 og Highway 49 (som i seg sjølv er emne i ein Howlin' Wolf-song); Elvis Presley voks opp langs vegen og Martin Luther King, Jr. vart seinare myrda på eit motell like ved vegen.

«Mykje stor, grunnleggande amerikansk kultur kom langs denne vegen og opp elva like ved», fortalde Robert Shelton BBC ein gong. «Og som tenåring reiste Dylan denne vegen på radio. Highway 61 vart, trur eg, eit symbol for han for fridom, eit symbol for rørsle, eit symbol for sjølvstende og ein sjanse til å kome seg bort frå eit liv han ikkje ønskte i Hibbing

Då «Like a Rolling Stone» var ferdig i midten av juni 1965 vart resten av albumet produsert med ein annan produsent, Bob Johnston, i løpet av fire dagar, kort tid etter den legendariske konserten til Dylan på Newport Folk Festival i 1965. Under desse innspelingane spelte Dylan òg inn singelen «Positively 4th Street», som ikkje er med på albumet.

Newport Folk Festival endre

Før Dylan spelte songane eller var ferdig med å skrive dei, spelte han ein historisk konsert på Newport Folk Festival. Her spelte han to sett. Det første var eit akustisk sett ein laurdag ettermiddag på ei arbeidsgruppe for låtskrivarar. Men konserten vart korta ned då han aleine trekte til seg for mykje merksemd.[11]

Det andre settet spelte Dylan elektrisk, og vart møtt med både jubel og buing frå publikum. Dylan forlet scenen etter berre tre songar. Soga har ofte vorte fortalt slik at folk bua fordi Dylan spelte elektrisk gitar og musikk, medan dei hadde venta seg akustiske folkeviser. Andre fortel derimot at publikum bua fordi lyden var særs dårleg og at Dylan berre spelte tre songar.[11] Dylan kom derimot tilbake på scenen og spelte to akustiske nummer, «It's All Over Now, Baby Blue» og «Mr. Tambourine Man», som begge vart godt mottekne.[9]

Uansett kva årsaka til buinga var, førte den nye stilen til Dylan til heftig debatt i visemiljøet.[12] I følgje rockejournalisten Andy Gill var dei «gamle visesongarane framleis for opptekne med å syngje 'The Times They Are A-Changin'' til å skjøne kor mykje tidene faktisk hadde endra seg.».[9]

Innspelinga endre

I 1964 og 1965 hadde Dylan skrive ei bok, Tarantula, som ikkje vart gjeven ut før i 1971. Eit stykke frå boka vart opphavet til ein song. Som Dylan fortalte i 1966, «eg oppdaga at eg sat og skreiv på denne songen, denne soga, dette lange stykket om spy på om lag tjue sider, og ut av dette tok eg 'Like A Rolling Stone'...Etter å ha skrive den var eg ikkje lenger interessert i å skrive ein roman, eller eit teaterstykke»[13]

Det originale tjue sider lange manuskriptet har av biografen Clinton Heylin vorte skildra som «ein haug med ord som var dårleg sett saman og kva retning det tok var ikkje godt å sei»[14] Dylan skreiv det ned til ti sider. Dylan: «Det hadde ikkje noko namn, berre ei rytmisk sak på papiret som omhandla eit solid hat, rett mot eit punkt som var ærleg»[9]

Då Dylan følte stykket var klart til innspeling, samla han og Tom Wilson eit band. På sologitar fekk Dylan inn ein gammal bekjent, Michael Bloomfield, som han hadde møtt eit par gonger tidlegare, og som han hadde jamma med i Chicago i april 1963. I 1965 var han sologitarist i Paul Butterfield Blues Band, eit kritikarrost amerikansk bluesrockband. Dylan kontakta Bloomfield og inviterte han til Woodstock i New York. «Eg hadde ikkje ein gong ein gitarkasse», fortel Bloomfield, «eg hadde berre Telecasteren min. Og Bob henta meg på busstasjonen og køyrte meg heim til dette huset der han budde ... han lærte meg desse songane, 'Like A Rolling Stone,' og alle songane frå Highway 61 Revisited, og han sa, 'Eg vil ikkje at du skal spele B.B. King-liknande gitar, ikkje noko av det standard blues-greiene, eg vil at du skal spele noko anna.' Så me testa litt forskjellig og eg fann til slutt fram til noko han likte ... han spelte i rare durar (som meir høvde for klaver) som han alltid gjer, berre på dei svarte tangentane på pianoet.»[15]

Fleire dagar seinare, den 15. juni, gjekk Dylan i studio i Columbia's Studio A i New York. I tillegg til Bloomfield, hadde Dylan og Wilson fått med seg pianisten Frank Owens, bassisten Russ Savakus og trommeslagar Bobby Gregg. Med var òg Al Kooper, ein ung gitarist invitert av Wilson for å sjå og lære, men som ønskte å spele gitar på innspelinga. Sidan Bloomfield var flinkare, trekte Kooper seg tilbake til kontrollrommet.

Dylan og bandet hans spelte inn tre songar, den nye songen «Phantom Engineer» (seinare innspelt på ny og gjeve ut som «It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry»), ein song han hadde att frå Bringing It All Back Home-innspelinga kalla «Sitting on a Barbed Wire Fence» og «Like a Rolling Stone». Det vart gjort fleire mislukka forsøk på «Phantom Engineer» og «Sitting on a Barbed Wire Fence» før Dylan gav i veg med «Like a Rolling Stone».

Etter fleire mislukka forsøk ville Dylan nytte både piano og orgel på «Like a Rolling Stone». Kooper laug og sa han hadde eit «flott orgelparti» og Dylan inviterte han inn på orgelet.

Wilson var klar over at Kooper ikkje hadde særleg erfaring med elektrisk orgel, men let han likevel få sleppe til. I følgje Kooper sjølv i Martin Scorsese-dokumentaren No Direction Home: Bob Dylan, «følte han seg gjennom akkordendringane som ein liten gut som leiter etter lysbrytaren i mørket». Kooper var så usikker at han medvite spelte ein åttandedelsnote bak takten for å sikre at han ikkje spelte feil akkordar. Etter at dei hadde spelt gjennom songen, gjekk dei alle inn i kontrollrommet for å høyre gjennom opptaket. Halvvegs gjennom opptaket spurte Wilson Dylan om orgelsporet og Dylan bad han skru opp volumet. Dylan likte det han høyrte og hadde no fått ideen den gospel-inspirerte orgelintroduksjonen.

Alle opptaka frå den 15. juni vart vraka, men danna grunnlaget for resten av innspelinga. Dylan og bandet hans kom tilbake til Studio A dagen etter, og heile dagen vart meir eller mindre via til «Like a Rolling Stone» og Kooper spelte igjen orgelparten sin. Det fjerde opptaket vart til slutt vald som den endelege albumutgåva, men Dylan og bandet spelte inn elleve opptak før dei gjorde ei utveljing.

Sjølv om han vart spelt inn for singelutgjeving, valde Dylan å ta han med på albumet. Dylan hadde ikkje fleire songar og valde å reise til den nye heimen sin i Byrdcliffe, nord i New York ein månads tid for å skrive nye songar.

Fire dagar etter Newport Folk Festival, den 29. juli 1965, gjekk Dylan i Studio A og heldt fram arbeidet med det neste albumet. Han hadde med seg det same bandet som førre gong (pianisten Paul Griffin var òg med), men av ukjende årsaker kom ikkje Tom Wilson tilbake. Han vart i staden erstatta av Columbia-produsenten Bob Johnston, som hadde ønska å jobbe med Dylan.

Den første dagen omhandla tre songar. Etter å ha eksperimentert med forskjellige toneartar og tempo, vart dei ferdige med «Tombstone Blues», «It Takes a Lot to Laugh» og «Positively 4th Street». Sistnemnte vart berre gjeven ut som singel.

Dagen etter vart det òg spelt inn tre songar. «From a Buick 6» vart gjort ferdig for albumet, men det meste av dagen gjekk med til «Can You Please Crawl Out Your Window?». Dylan var ikkje nøgd med resultatet og la songen på hylla til seinare. Han vart spelt inn på nytt fleire månader seinare. Eit «alternativ» opptak frå denne dagen, med klokkespel, vart ved eit uhell gjeve ut som singel med namnet «Positively 4th Street».[16]

 
Nashville-musikaren Charlie McCoy, som vitja New York under innspelinga, bidrog med gitarspel på «Desolation Row».[17]

Dei neste to dagane brukte Dylan mykje tid på å skrive ned akkordar for dei gjenverande seks songane som ikkje var spelt inn enno i lag med Harvey Brooks som tok over på bass for Russ Savakus. Innspelinga av albumet heldt fram i Studio A den 2. august, denne gongen med Sam Lay på trommer den første tida og Gregg seinare.[18][19] «Highway 61 Revisited» er derfor den einaste songen på albumet som Lay spelar på.[20] «Highway 61 Revisited», «Just Like Tom Thumb's Blues», «Queen Jane Approximately» og «Ballad of a Thin Man» vart alle spelt inn og vald ut for albumet.[21][22][23]

Den siste innspelingsdagen var 4. august i Studio A. Det meste av innspelinga var via til å gjere «Desolation Row» ferdig og det vart prøvd ut forskjellige variantar og arrangement. Han vart til slutt spelt inn med berre to akustiske gitarar. I følgje Johnston og Kooper vart gitaristen Charlie McCoy flydd inn frå Nashville for å spele med Dylan på songen. Dei spelte inn sju opptak og det sjette og sjuande opptaket vart spleist i lag for den endelege utgåva på albumet.

Ettermæle endre

Fleire år seinare skreiv Dave Marsh at Highway 61 Revisited var eit av dei beste albuma til Dylan og eit av dei største i rockehistoria. Lesarundersøkingar i seinare år har ofte plassert albumet høgt oppe. I 1995 vart albumet kalla det femte største gjennom tidene i magasinet Mojo. I 1998 kåra lesarane i Q albumet til det 57. største gjennom tidene, og ei tilsvarande undersøking av TV-kanalen VH1 plasserte albumet på 22. plass i 2001. På lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene kom Highway 61 Revisited på 4. plass. Ei tilsvarande liste frå magasinet over dei 500 største songane gjennom tidene, var tre songar frå albumet på lista, «Highway 61 Revisited» på 364. plass, «Desolation Row» på 185. plass og «Like a Rolling Stone» på førsteplass.

Clinton Heylin skreiv at det var «eit album som samla alt 'Like A Rolling Stone' (og Bringing It All Back Home) tilbydde ... ei blanding av alle typar amerikansk popmusikk frå 'Gypsy Davey' til the Philly Sound.»[24]

Albumet hadde stor innverknad på andre musikarar på denne tida og oppnådde større kommersiell suksess enn tidlegare då singlane «Like a Rolling Stone» og «Positively 4th Street» førte han ut til eit større publikum. Kontroversen som Newport førte med seg følgde Dylan ut 1965, men han hadde ingen intensjonar om å vende attende til folkevisene.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Bob Dylan.

Side ein
Nr.TittelInnspeltLengd
1.«Like a Rolling Stone»16. juni 19656:13
2.«Tombstone Blues»29. juli 19656:00
3.«It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry»29. juli 19654:09
4.«From a Buick 6»30. juli 19653:19
5.«Ballad of a Thin Man»2. august 19655:58
Side to
Nr.TittelInnspeltLengd
1.«Queen Jane Approximately»2. august 19655:31
2.«Highway 61 Revisited»2. august 19653:30
3.«Just Like Tom Thumb's Blues»2. august 19655:32
4.«Desolation Row»4. august 196511:21

Medverkande endre

Musikarar

Produksjon

Salslister endre

Liste (1965) Plassering
Den tyske albumlista[25] 28
UK Albums Chart[26] 4
US Billboard 200[27] 3

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[28] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[29] Gull 100 000^
USA (RIAA)[30] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. Erlewine (1)
  2. Kot, Greg (25. oktober 1992). «Dylan Through The Years: Hits And Misses». Chicago Tribune. Henta 5. november 2018. 
  3. Larkin, Colin (2011). «Bob Dylan». Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 0857125958. 
  4. Flanagan 1991
  5. 5,0 5,1 «Highway 61 Revisited». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 23. juni 2016. Henta 5. november 2018. 
  6. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 369. ISBN 1-57859-061-2. 
  7. Brackett 2004, s. 262–263
  8. Fisher, Tyler (20. august 2006). «Bob Dylan - Highway 61 Revisited (album review 3)». Sputnikmusic. Henta 5. november 2018. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Andy Gill, Classic Bob Dylan 1962-69: My Back Pages. Carlton, 1998, s.79-91. ISBN 1-98568-481-1.
  10. Gray 2006, s. 321
  11. 11,0 11,1 Q Dylan Special Collector's Edition. Emap, Oktober 2000, S.45-48.
  12. Robert Shelton, No Direction Home. Da Capo Press, 2003, s.305-314. ISBN 0-306-81287-8.
  13. Sitert i Heylin, Clinton (2003). Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 198. HarperCollins. ISBN 0-06-052569-X.
  14. Heylin (2003), s. 198.
  15. Larry Sloman On The Road With Bob Dylan of 1978. s. 286-297 (2002)
  16. Searching For A Gem
  17. Polizzotti 2006, s. 141–142
  18. Heylin, C. (2009). Revolution in the Air. s. 259. ISBN 978-1-55652-843-9. 
  19. Irwin, C. (2008). Bob Dylan Highway 61 Revisited. s. 178. ISBN 978-0823083985. 
  20. Gill, A. (1998). Don't Think Twice It's All Right. s. 88. ISBN 9781560251859. 
  21. Polizzotti, M. (2006). Highway 61 Revisited. s. 145. ISBN 978-0-8264-1775-6. 
  22. Irwin, C. (2008). Bob Dylan Highway 61 Revisited. s. 163–190. ISBN 978-0823083985. 
  23. Heylin, C. (1995). Bob Dylan: The Recording Sessions 1960-1994. s. 40. ISBN 0-312-15067-9. 
  24. Heylin (2003), s. 221.
  25. «Bob Dylan - Highway 61 Revisited». charts.org.nz. Hung Medien. 
  26. «UK Albums Chart - 27. november 1965». UK Albums Chart. Official Charts Company. 
  27. «Billboard 200 - 6. november 1965». Billboard. 
  28. «Canadian album salstrofé – Bob Dylan – Highway 61 Revisited». Music Canada. 
  29. «British album salstrofé – Bob Dylan – Highway 61 Revisited». British Phonographic Industry.  Enter Highway 61 Revisited in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  30. «American album salstrofé – Bob Dylan – Highway 61 Revisited». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH