Like a Rolling Stone

«Like a Rolling Stone»
Singel av Bob Dylan
frå albumet Highway 61 Revisited
B-side

«Gates Of Eden»

Språk engelsk
Utgjeve 20. juli 1965
Innspelt 15. juni 1965
Sjanger Folkrock
Lengd 6:09
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson
Bob Dylan-kronologi 
«Maggie's Farm»
(1965)
«Like a Rolling Stone» «Positively 4th Street»
(1965)


«Like a Rolling Stone» er ein song av Bob Dylan frå 1965. Han er ein av dei mest kjende og viktigaste songane hans, og hadde opphav i ein kort tekst Dylan skreiv før han utvikla songen til fire vers og eit refreng som han spelte inn nokre veker seinare.

Songen vart gjeven ut på singel 20. juli 1965 og på albumet Highway 61 Revisited. Songen er over seks minuttar lang og berre enkelte gonger vart heile songen spelt på radio. Likevel klarte han å klatre til andreplass på den amerikanske singellista. Songen fekk kritikk frå tilhengjarane til Dylan på grunn av den hardare rockestilen, ein tydeleg skilnad frå folkemusikken han tidlegare hadde spelt.

Songen påverka musikkverda og popkulturen med dramatisk effekt, og bidrog til imaget og den ikoniske statusen til Dylan. Han har vorte spelt mange gonger av andre artistar, mellom andre Jimi Hendrix. Musikkmagasinet Rolling Stone kåra songen som den beste songen på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene. Då Dylan vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame fortalte Bruce Springsteen «Den første gongen eg høyrde Bob Dylan var eg i bilen med mor mi og høyrde på WMCA og på kom trommeslaget som høyrdest ut som nokon hadde sparka inn døra til sjela di.»[1]

Innspeling endre

Grunnlaget for «Like a Rolling Stone» var ei tjue sider lang historie Dylan hadde skrive. Ut frå soga skreiv Dylan fire vers og eit refreng i Woodstock i New York.[2] Songen vart skriven på eit vanleg piano giss-dur, og vart endra til C-dur på gitar då han vart spelt inn.[3] Songen hadde opphavleg ein 3/4-takt (vals) og var 1:36 lang.[4] Songen vart spelt inn av Dylan den 15. juni 1965.[5] Innspelinga fann stad i Studio A i Columbia Records i New York City og vart produsert av Tom Wilson.[6][7]

Musikarane som spelte på innspelinga var Mike Bloomfield på gitar, Al Kooper på orgel, Paul Griffin på piano, Josef Mack på bass og Bobby Gregg på trommer.[7] Kooper, som var ein tenåringsgitarist på denne tida, skulle opphavleg ikkje spele på songen i det heile, men var på besøk hos Tom Wilson.[8] Wilson var ikkje til stades då songen vart spelt inn og Kooper sette seg ned med gitaren hos dei andre musikarane. Då Wilson kom tilbake var Kooper ute i kontrollrommet. Wilson flytta Griffin frå hammondorgel til piano. Kooper kom til Wilson og sa han hadde ein fin bit for orgel. Wilson tvilte på orgelkunnskapane til Kooper, men sa ikkje nei og Kooper sette seg ved orgelet og spelte på songen. Då Dylan høyrde opptaket av songen, insisterte han på at orgelet til Kooper måtte med i songen, trass i at Wilson protesterte og sa han ikkje var ein organist.[9]

Den første innspelingsdagen vart det gjort fem forsøk på songen, men ingen av desse var komplette opptak. Det fanst ikkje notar til songen og musikarane måtte lære songen utan att, så songen utvikla seg etter kvart som dei spelte songen fleire gonger. Dei første opptaka vart gjort i 3/4-takt med Dylan på piano. Eit av desse tidlege opptaka vart seinare gjeven ut på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991.[10]

Dagen etter heldt øvinga fram og det vart gjort femten opptak av songen, som no fekk den meir kjende 4/4-takten med Dylan på elektrisk gitar. Det fjerde opptaket vart nytta som den endelege utgåva.[11]

Utgjeving endre

«Like a Rolling Stone» vart gjeven ut som singel den 20. juli 1965.[12][13] Sidan songen var seks minuttar lang ønskte ikkje Columbia Records å gje han ut som singel, men Bob Johnston, den nyaste produsenten til Dylan gav ut songen likevel. Trass i lengda vart songen den største hiten Dylan hadde hatt til då,[14] og låg på den amerikanske singellista i 12 veker der han nådde andreplassen, like bak songen «Help!» av The Beatles.[15][16] Då songen kom ut vart dei to første versa og refrenga lagt til side ein, medan resten av songen hamna på side to.[17]

Dylan spelte songen på konsert første gong på Newport Folk Festival den 25. juli 1965.[18] Enkelte i publikum bua på Dylan sidan han nytta elektrisk gitar, og dei følte at han hadde gått inn i det Bloomfield kalla ei verd av «greasers, heads, dancers, people who got drunk and boogied».[13] Dylan snubla gjennom songen og han hamna tilbake i 3/4-takt mot slutten av framføringa.[13]

Highway 61 Revisited kom ut i slutten av august 1965 og då Dylan la ut på turne om hausten var «Like a Rolling Stone» avslutningsnummer. 17. mai 1966, under den siste biten av verdsturneen, spelte Dylan og The Band songen i Free Trade Hall i Manchester i England. Før dei starta songen roper nokon i publikum «Judas!» til Dylan, som symboliserte korleis Dylan hadde «svikt» puristane ved å nytte elektriske instrument. Dylan svarte: «Eg trur deg ikkje. Du er ein løgnar!»[19] Han sa så til bandet «play it fucking loud».[18]

Songen har seinare vorte gjeven ut på fleire samlealbum og fleire konsertalbum.

Tekst endre

 
«A rolling stone gathers no moss» er eit kjent engelsk uttrykk.

Teksten i «Like a Rolling Stone» skilde seg frå listemusikken i samtida ved å ikkje handla om kjærleik, men snarare ha ein tone som kunne tolkast som harm eller hånande.[20][21] Songaren vender seg mot ei kvinne som, i følgje forfattaren Oliver Trager, det har gått nedover med og som må klara seg sjølv i ei fiendtleg, ukjend verd.[22] Hovudpersonen i songen har tydelegvis hatt eit lett og behageleg liv i fortida, noko opningslinjene fortel om:

«

Once upon a time you dressed so fine
Threw the bums a dime in your prime, didn't you?[23]

»

(Omsett: Ein gong i tida kledde du deg så fint / Kasta småpengar til tiggarar i di beste tid, gjor'kje du?)

Det første verset endar med å visa til den noverande stillinga til personen:

«

Now you don't talk so loud
Now you don't seem so proud
About having to be scrounging your next meal[23]

»

(Omsett: No snakkar du'kje så høgt / No verker du'kje så bøs / Om å måtta rota rundt etter ditt neste mål med mat)

Songen fortset å samanlikna det gamle, glamorøse livet til hovudpersonen, som han ein stad kallar «Miss Lonely», med den vanskelege stillinga hennar no. Sjølv om songaren gjev inntrykk av å håna hovudpersonen, kan ein også få inntrykk av ein viss sympati med henne, og ein slags fridom knytt til å ikkje ha noko.[20][24] Siste verset ender me linjene:

«

When you ain't got nothing, you got nothing to lose
You're invisible now, you got no secrets to conceal[23]

»

(Omsett: Når du ikkje har noko, har du ikkje noko å mista. / Du er usynleg no, du har ingenting løynd å gøyma.)

Refrenget ser ut til å fortsetja desse temaa:

«

How does it feel
How does it feel
To be on your own
With no direction home
Like a complete unknown
Like a rolling stone[23]

»

(Omsett: Korleis kjenneste det / Å vera på eigahand / Utan ein retning heim / Som ein ukjend / Som ein rullande stein)

«Rolling stone» er eit gammalt engelsk uttrykk om ein vandrar som ikkje kan slå seg til ro.[25] «Rollin' Stone» var ein bluessong av Muddy Waters som både rockebandet The Rolling Stones og musikkmagasinet Rolling Stone fekk namn etter.

Fleire kommentarar har prøvd å identifisera figurane i songen med verkelege personar frå Dylan sin krins i 1965. Mange har konkludert med at songen omhandlar Edie Sedgwick, ein skodespelar og modell. Sedgwick var tema i fleire andre Dylan-songar på denne tida, som «Just Like a Woman» frå Blonde on Blonde. Kjende av Andy Warhol, som var knytt til Sedgwick på denne tida, skal ha sagt til han at han måtte vera «the diplomat on the chrome horse» som er omtalt i songen.[26] Enkelte sår tvil rundt dette og hevder at Dylan starta å vere knytt til Sedgwick først hausten 1965, etter «Like a Rolling Stone» vart spelt inn.[27] Andre hevdar at dei trefte kvarandre i desember 1964.[28] Joan Baez har òg vorte rekna som personen omtalt i songen,[14] medan andre har hevda at songen refererer til Dylan sjølv.[29] Men Dylan-biografen Howard Sounes har åtvara mot å tolka songen som å handla om ein enkeltperson, og i staden sagt at det er meir sannsynleg han er retta mot posørar eller liknande genrelt.[30]

Andre utgåver endre

Mange artistar har spelt songen. Dei mest kjende er av Johnny Thunders,[31] The Four Seasons,[32] The Rascals,[33] Cher,[34] Judy Collins,[35] The Rolling Stones,[36] Anberlin[37] og Jimi Hendrix, som spelte songen live på Monterey Pop Festival.

Songen har òg vorte spelt på fleire andre språk, som til dømes Lars Winnerbäck med den svenske tittelen «Som en hemlös själ»

Ettermæle endre

Songen har påverka populærkultur og popmusikken stort i den vestlege verda. Suksessen til singelen, etterfølgd av andre suksessrike singlar, gjorde Dylan til eit popikon, i tillegg til statusen han hadde som visesongar.

Dylan hadde vore kjend i lengre tid, men no vart statusen hans heva enno eit hakk. Han vart ei popstjerne i tillegg til ei visesongarstjerne, og kanskje meir enn The Beatles vart han eit symbol på dei kulturelle, politiske og generasjonsmessige endringane som fann stad i USA. Han fungerte for mange som leiaren for denne endringa.[38]

Mange aspekt av songen påverka musikken som kom etter, som den ru stemma til Dylan.[15][39] Lengda på songen, som då vart rekna som for lang for singelformatet, har òg påverka musikken. Det gjorde at andre lange songar i ettertid kunne kome ut som singel.[15] Lengda var òg ei utfordring for å få songen spelt på radio.[40]

I 2004 kåra musikkmagasinet Rolling Stone songen til den største gjennom tidene, og skreiv at «ingen annan song har så til dei grader utfordra og omvandla dei kommersielle lovene og kunstnariske formene i si tid»[15]

Kjelder endre

  1. Corliss, Richard (24. mai 2006). «Bob Dylan at 65». TIME. Arkivert frå originalen 14. juni 2006. Henta 28. mars 2009. 
  2. Shelton (1986), s.319–320
  3. Creswell (2006), s.534
  4. Heylin (2003), s.203
  5. Considine, Shaune (3 December 2004). «The Hit We Almost Missed». New York Times. Henta 28. mars 2009. 
  6. Marcus (2006), S.203
  7. 7,0 7,1 «Greil Marcus on Recording 'Like a Rolling Stone'». NPR. 11. april 2005. Henta 28. mars 2009. 
  8. Marcus (2006), s.104
  9. Marcus (2006), s.110–111
  10. Marcus (2006), s.203–210
  11. Marcus (2006), s.211–225
  12. Jacobs, Ron (12. april 2005). «Exploring the Unmapped Country». Arkivert frå originalen 15. mai 2008. Henta 28. mars 2009. 
  13. 13,0 13,1 13,2 «How does it feel?». Guardian News and Media, Ltd. 13. mai 2005. Henta 28. mars 2009. 
  14. 14,0 14,1 Gill (1998), s.82–83
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 «Like a Rolling Stone: Greatest Song of All Time». Rolling Stone. 9 December 2004. Arkivert frå originalen 17. april 2010. Henta 28. mars 2009. 
  16. «Help!». Rolling Stone. 9. desember 2004. Arkivert frå originalen 10. januar 2007. Henta 28. mars 2009. 
  17. Marcus (2006), s.3
  18. 18,0 18,1 «Bob Dylan - Like a Rolling Stone». IPC Media. Arkivert frå originalen 24. juli 2008. Henta 28. mars 2009. 
  19. Howard Sounes. Down the Highway: The Life Of Bob Dylan. Doubleday 2001. s. 256. ISBN 0-552-99929-6
  20. 20,0 20,1 Polizzotti 2006, s. 33
  21. Trager 2004, s. 378–379
  22. «Dylan's sneer at a woman who has fallen from grace and is reduced to fending for herself in a hostile, unfamiliar world.» Trager 2004, s. 378–379
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 Dylan, B. (2004). Bob Dylan Lyrics 1962–2001. Simon & Schuster. s. 167–168. ISBN 0-7432-2827-8. 
  24. Polizzotti 2006, s. 35
  25. «rolling stone, n.1», OED Online (Oxford University Press), September 2016, henta 26. november 2016 
  26. Warhol 1980, s. 108
  27. Gill (1998), s.103
  28. «No Direction Home». BBC. 20 June 2007. Henta 7. juni 2008. 
  29. Marqusee (2003), s.157
  30. «It is more likely that the song was aimed generally at those [Dylan] perceived as being 'phony{{'». Sounes 2001, s. 178–179
  31. «Jungle Records - Johnny Thunders - Born Too Loose». Jungle Records. Arkivert frå originalen 10. mars 2009. Henta 28. mars 2009. 
  32. «The 4 Seasons Sing Big Hits by Burt Bacharach...Hal David...Bob Dylan». MTV. Henta 28. mars 2009. 
  33. «The Rascals: The Young Rascals». Artistdirect, Inc. Henta 28. mars 2009. 
  34. «Cher - Lyrics - Like a Rolling Stone». MTV Networks. Henta 28. mars 2009. 
  35. «Judy Collins: Judy Sings Dylan...Like a Woman». Artistdirect.com. Henta 28. mars 2009. 
  36. «Stripped (CD) av the Rolling Stones». Tower.com, Inc. Henta 28. mars 2009. [daud lenkje]
  37. «Listen to Bob Dylan: A Tribute album overview». Allmusic. Henta 28. mars 2009. 
  38. Williams, Paul (2004). Bob Dylan: Performing gruppe. London: Omnibus Press. ISBN 0711935548. 
  39. Marsh (1999), s.9
  40. Marcus (2005), s.145

Bakgrunnsstoff endre