Bobby Joe Morrow (15. oktober 193530. mai 2020) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Harlingen i Texas som vann tre gullmedaljar i sprintøvingane under Sommar-OL 1956 i Melbourne.

Bobby Morrow

Statsborgarskap USA
Fødd 15. oktober 1935
Harlingen
Død

30. mai 2020 (84 år)
San Benito

Yrke sprintar, friidrettsutøvar, bonde, trehåndverker
Språk engelsk
Høgd 186 centimeter
Bobby Morrow på Commons

Aktiv endre

Morrow vart landsmeister 1955 på 100 yards. Våren 1956 tangerte han verdsrekorden på 100 meter på 10,2 sekundar under eit løp i USA-meisterskapen i friidrett, før han i same meisterskapen vann finalen på tida 10,3. Ei veke seinare kvalifiserte han seg til OL 1956 både på 100 m og 200 m. Seinare i 1956-sesongen vann han begge sprintdistansane under den nordamerikanske college-meisterskapen og han forsvarte tittelen som USA-meister på 100 yards.

I november 1956 reiste Morrow til Melbourne og sommarleikane med det USA-amerikanske sprintlaget, og returnerte med tre gullmedaljar. Fyrst vann han 100 meter på 10,5 sekundar. Tre dagar seinare sprang han inn til 20,6 sekundar på 200 meter, tangering av verdsrekorden, med landsmennene Andy Stanfield og Thane Baker på dei andre medaljeplassane. Den 1. desember sprang han ankeretappen i 4 x 100 meter stafett og suste inn til verdsrekord på tida 39,5, etter at Ira Murchison, Leamon King og Thane Baker hadde teke seg av dei andre etappane. Sovjetunionen fekk sølv etter 39,8 sekundar.

Etter OL-sesongen heldt Morrow fram med å dominere på nasjonalt nivå til han la opp i 1958. Han gjorde comeback i 1960-sesongen, men makta ikkje å kvalifisere seg til sommarleikane i Roma.

Kjelder endre