65°49′26.965″N 21°41′18.186″E / 65.82415694°N 21.68838500°E / 65.82415694; 21.68838500

Boden
by
Våpenskjold
Land  Sverige
Areal 1 478 km²
Folketal 16 832 (31. desember 2020)
Kart
Boden
65°49′06″N 21°42′16″E / 65.818248726109°N 21.704563470407°E / 65.818248726109; 21.704563470407
Wikimedia Commons: Boden

Boden er ein by i Norrbottens län i landskapet Norrbotten i Sverige. Byen er administrasjonssenter for Bodens kommun, og i 2005 hadde byen 18 680 innbyggjarar. Boden fekk bystatus i 1919.

Historie endre

Opphavleg var Boden ei kyrkjebygd ("kyrkby") i Överluleå sokn. Første skriftlege omtale av Boden er Bodebyn frå 1539, der namnet stammar frå. I 1543 hadde bygda sju gardar. Tidlegare var samar busette her.

Överluleå kyrkje blei bygd frå 1827, og dermed blei sentrum flytta til Bodträsk frå Heden. Nedanfor kyrkja danna det seg ei lita kyrkjebygd. Formålet var at folkesetnaden skulle ha nokre stader å bu når dei skulle vere med på gudstenesta.

På 1860-talet byrja ein å legge til rette for frakt av jernmalm langs Luleälven. For å unngå fossane i elva byrja ein å grave ein kanal sør for elva mellom Heden og noverande Boden Kraftstasjon. Prosjektet, som blei kalla Engelske kanalen, blei avbrote, men enkelte stader i terrenget kan ein framleis sjå restar av den halvferdige kanalen.

Sidan slutten av 1800-talet har byen vore det viktigaste knutepunktet for jernbanen i dei nordlegaste delane i landet. Jernmalm frå gruvene i Kiruna og Malmberget vert transportert gjennom Boden, anten til stålverka i Luleå eller vidare sørover i landet. Òg Haparandabanen går ut frå Boden. Stambanen gjennom øvre Norrland knyter byen med dei sørlege landsdelane. Banen blei bygd 1883-1894, og elektrifisert 1939-42. Han har fleire svingar og større helling enn det som er lov for moderne jernbaner. Gjennomsnittsfarten er 85 km/t, trass i fleire utbetringar.

 
sørlege Boden sett frå Rödbergsfortet

Kjelder endre