67°10′27.181″N 20°39′15.469″E / 67.17421694°N 20.65429694°E / 67.17421694; 20.65429694

Malmberget

Malmberget er ein svensk tettstad i Gällivare kommun i Norrbottens län i landskapet Lappland. I 2011 hadde tettstaden 5 590 innbyggjarar.

Malmberget er mest kjend for gruvene. Malmutvinninga starta i 1741 på fjellet Illuvaara (lulesamisk Jiellevárre), og fjellet vert sidan kalla Gellivare malmberg, og så berre Malmberget. Det første malmtoget vart lasta i 1888, det var byrjinga på det store malmrushet som skulle kome til å endre heile Malmfälten. I Malmberget var det arbeid å få, men ingen bustader – likskapen med gullrushet i Nord-Amerika er slåande. I dei første åra i Malmberget budde arbeidarane i koier som vart spikra saman av brukte dynamittkassar.

Malmberget er òg kjend for Gropen (eigentleg Kaptensgropen), som deler tettstaden i to delar. Gropen blei danna då ein av tryggleiksmessige årsaker reiv bygningar i sentrum og deretter sprengte opp dei gruvegangane som var under sentrum. I dag er gropen 250 meter djup.

Bygg (mellom anna dei to kinoane Nordan og Roxy) og vegar i det sentrale Malmberget er vorte rivne på grunn av rasfaren.

I Malmberget ligg gruvemuseet til LKAB. Der blir vist historia til gruvebrytinga, frå malmen vart oppdaga og fram til våre dagar. Malmberget hadde tidlegare høgast folketettleik i kommunen, men har dei siste tiåra krympa i rask takt, som ein følgje av at stadig større delar av samfunnet blir omfatta av det rasutsette området, og at det dermed oppstår bustadmangel. Fleire hundre leilegheiter er rivne i løpet av dei siste åra, mellom anna bustadområde som Bäckåsen og Tallbacka. Den siste tida har fleire frittliggande einebustader vorte flytta (på lastebil) frå Malmberget til eit område mellom tettstadene Gällivare og Malmberget. Denne typen husflyttingen kjem til å fortsetje dei næraste åra.

Kjende personar frå Malmberget endre

Kjelder endre