Bodens kommun
Boden kommune er ein kommune i Norrbottens län i landskapet Norrbotten i Sverige. Kommunen grensar til nabokommunane Jokkmokk, Gällivare, Överkalix, Luleå og Älvsbyn. Administrasjonssenteret i kommunen er Boden.
Bodens kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Norrbottens län | ||
Landskap | Lappland | ||
Del av | Norrbotten, Q61679797, Q61669431 | ||
Areal | 4 285,13 km² | ||
• land | 4 007,86 km² | ||
• vatn | 277,27 km² | ||
Folketal | 27 642[1] (2011) | ||
Bodens kommun 65°50′00″N 21°43′00″E / 65.833333333333°N 21.716666666667°E | |||
Kart som viser Bodens kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Boden Municipality |
Administrativ historikk
endreDet opphavlege soknet Överluleå braut i 1831 ut frå Nederluleå. Når kommunalreformen frå 1862 tredde i kraft vart soknet innretta som Överluleå landskommune. I 1892 braut Ederfors landskommune ut frå Överluleå, og i 1896 vart den raskt veksande garnisonsbyen Boden eit municipalsamhälle innan Överluleå landskommune. I 1919 braut Boden ut for å danne Bodens stad. Kommunalreformen i 1952 påverka ikkje området. I 1967 vart Överluleå gjenforeint med byen, og kommunen fortsette under namnet Bodens stad; Gunnarsbyns församling frå Råneå landskommune vart òg innlema i kommunen. I 1971 vart Bodens kommune slik han er i dag danna, då Edefors landskommune vart slått saman med Bodens stad.
Historie
endreUrtid
endreFornminnet i Alträsk utanfor Boden har saman med andre i Jokkmokk, Vuollerim og Överkalix lagt grunn for den nye forståinga av den norrländske urtida. Buplassvollane i Alträsk har vorte datert til å vere 7000 år gamle.
Yngre jernalder
endreI Hedan har det vorte gjort funn frå kommunikasjon (handel o.l.) med sørlege Sverige i den yngre jernalderein på 1000-talet. I Hedan-området vart òg kommunen sin første kyrkje bygd, men denne ligg no i ruinar.
Mellomalderen
endreFørste gongen Boden (som Bodebyn) vart nemnt skriftleg var i eit riksskatteinnkrevingsskrift frå 1539.
Moderne historie
endreÖverluleå kyrkje vart bygd i 1827, og sentrum vart dermed flytta frå Hedan til Bodträsket.
Sidan slutten av 1800-talet har både Stambanan genom övre Norrland (Stockholm–Haparanda) og Malmbanan (Luleå–Narvik) gått gjennom kommunen.
På byrjinga av 1900-talet byrja ein å etablere fort og garnison (Bodens fästning) i byen for å verne den viktige stillinga til staden. Den største risikoen vart rekna å vere åtak austfrå, frå Russland. Fram til 1990-åra var arbeidsmarknaden i kommunen prega av arbeidet i garnisonen, og dessutan garnisonssjukehuset som vart bygd i nærleiken av kasernane. På 90-talet vart sjukehuset flytta til Södre Sunderbyn i Luleå kommune.
Geografi
endreTettstader
endreBoden kommune hadde seks tettstader (tätorter) i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[2]
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Boden | 18 680 |
2. | Sävast | 3 121 |
3. | Harads | 558 |
4. | Unbyn | 481 |
5. | Vittjärv | 429 |
6. | Bodträskfors | 205 |
Småstader
endreI tillegg til dei seks tettstadane finst det òg 15 småstader (småorter) i kommunen:
# | Småstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1 | Svartlå | 197 |
2 | Södra Bredåker | 195 |
3 | Gunnarsbyn | 169 |
4 | Norra Bredåker | 137 |
4 | Sörbyn | 137 |
6 | Degerbäcken | 120 |
7 | Brännberg | 114 |
8 | Österåker | 84 |
9 | Svartbjörsbyn (nordleg del) | 72 |
10 | Buddbyn (sørleg del) | 69 |
11 | Buddbyn (nordleg del) | 67 |
12 | Sävastnäs | 59 |
13 | Överstbyn | 57 |
14 | Skòg | 54 |
15 | Åbergstorp | 51 |
Venskapskommunar
endreBoden har tre vennskapskommunar i andre land:
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Boden kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
- ↑ Statistiska centralbyrån den 31 december 2005