Rammetromme er ein type tromme med trommeskinn som har ein radius større enn djupna til tromma.[1] Slike trommer kan ha eit eller to trommeskinn som kan vera av skinn eller kunststoff. Ramma er ofte rund og kan vera av treverk, kunstfinér eller kunstmateriale. Ein kan slå slike trommer med handa eller bruka stikker til å slå dei med. Fleire typar kan ha små metallstykke eller ringar i sidene eller mellom trommeskinna som lagar ekstra lyd når ein slår eller rister på tromma.[1]

Rammetromme

Marokkansk bendir
Klassifiseringdirectly struck membranophone
Hornbostel-Sachs klassifisering211.3

Trommeslaget er svært gammalt,og finst i ei rekkje kulturar. Dei er kjende frå det gamle Egypt, og har sidan vore brukt rundt Middelhavet, særleg som eit instrument brukt av kvinner. I område rundt polarsirkelen har dei vore brukt innan sjamanisme for å gå i transe.[1]

Typar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Montagu, Jeremy. «frame drum». The Oxford Companion to Music. Oxford University Press.