Bogen i Ofoten

bygd i Evenes i Nordland
For fjorden med same namn, sjå Bogen ved Ofotfjorden

Bogen er ein tettstad i Evenes kommune i Nordland fylke. Tettstaden, i Norsk Allkunnebok kalla strandby, ligg ved botnen av fjordarmen Bogen. Folketalet vart i 1946 registert til 128, fordelt på 17 hus. Seinare har folketalet stige til mellom 300 og 400. Europaveg 10 passerer gjennom bygda i hovudretning aust-vest.

Bogen
tettstad
Bogen kapell.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Evenes
Areal 0,55 km²
Folketal 397 (2017)
Folketettleik 722 / km²
Postnummer 8533 BOGEN I OFOTEN
Wikimedia Commons: Bogen, Evenes

I delar av det 20. hundreåret var det gruvedrift i Ofoten jarnmalmgruver nær bygda. Under andre verdskrigen hadde den tyske okkupasjonsmakta flytedokk og verkstader i Bogen til vøling av skipa sine.

KjelderEndra