Bohinjsjøen
Bohinj (slovensk Bohinjsko jezero) er den største permanente innsjøen i Slovenia.[f 1] Bohinj ligg i Bohinj kommune nordvest i landet i Triglav nasjonalpark.
Bohinj | |||
innsjø | |||
Land | Slovenia | ||
---|---|---|---|
Høgd over havet | 525 moh. | ||
Lengd | 4,350 km | ||
Areal | 3,18 km² | ||
Største djupn | 45 m | ||
Koordinatar | 46°16′N 13°48′E / 46.267°N 13.800°E | ||
Bohinjsjøen 46°17′00″N 13°51′32″E / 46.283377°N 13.858881°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Bohinj |
Bohinj er 4,2 km lang og 1 km på det breiaste.[1] Bohinjsjøen har opphav som ein bresjø og er demd opp av ei morene.
Den størse elva som renn ut i innsjøen er Sava Bohinjka.[2]
Utsig frå innsjøen er Jezernica som renn saman med Mostnica og dannar Sava Bohinjka (som igjen dannar Sava i lag med Sava Dolinka).
Området er knytt til ei segn om ein skatt på toppen av Triglav og den legendariske bukken Zlatorog, ein kvit gemse med gylne horn. Ein statue av bukken står ved innsjøen.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bohinjsjøen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Bohinj» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Royal Geographical Society (1856) «Wocheiner-See» A Gazetteer of the World: or, Dictionary of geographical knowledge, compiled from the most recent authorities and forming a complete body of modern geography -- physical, political, statistical, historical og ethnographical A. Fullarton, Edinburgh, Scotland, s. 529, OCLC 20348227
- ↑ Baedeker, Karl (1879) «Terglou: The Valley of the Wocheiner Save» The Eastern Alps: Including the Bavarian Highlands, the Tyrol, Salzkammergut, Styria og Carinthia (4th ed.) Dulau og Co., London, s. 353, OCLC 4018143
Fotnotar
endre- ↑ Cerknicasjøen er ein periodisk innsjø som er større når han er fylt opp, men som forsvinn heilt i tørre periodar.