Boikott[1][2] er ei handling der ein frivillig avstår frå å bruka, kjøpa eller handla med ein person, organisasjon eller eit land som eit uttrykk for protest, vanlegvis av sosiale eller politiske årsaker. Hensikta med ein boikott er å påføra økonomisk tap på målet, å indikera ein moralsk indignasjon eller å freista å tvinga målet til å endra ei forkastelig åtferd.

Protestantar som demonstrerer for boikott av Kentucky Fried Chicken.

Boikott mellom land er kjent som embargo.

Bakgrunn endre

Boikott er ei fornorsking av det engelske ordet boycott. Omgrepet stammar frå den engelske avisa Daily Mail, som i 1880 publiserte ein artikkel med overskrifta «BOYCOTT». Artikkelen handla om den organiserte motstanden til irske bønder mot den engelsk godsforvaltaren og kapteinen Charles Cunningham Boycott, som arbeidde for ein fråverande landeigar, John Crichton, 3. jarl Erne. Då hausten hadde vore låg dette året, tilbaud lord Erne leigetakarane sine 10 prosent reduksjon i leigeavtalane deira. Leigetakarane kravde 25 prosent reduksjon, noko lord Erne nekta.

Kaptein Boycott blei det fyrste målet for ein «boikott», sidan ingen ville ta arbeid på godset han forvalta. Avlinga var nær ved å rotna, men 50 mann eskortert av 1000 soldatar fekk etter kvart redda avlinga. Boycott freista deretter å kasta ut 11 leigetakarar frå landområdet. Den irske politikaren Charles Stewart Parnell heldt ein tale i byen Ennis der han foreslo at framfor å gripa til vald skulle alle i lokalsamfunnet sky arbeidstakaren. Boycott blei snart isolert – arbeidarane hans slutta å arbeida på markene, i stallane og i herskapshuset. Lokale forretningsmenn slutta å handla med han, og den lokale postmannen nekta å levera post.[3]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «boikott» i Nynorskordboka.
  2. boycott, Online Etymology Dictionary
  3. Marlow, Joyce (1973): Captain Boycott and the Irish. André Deutsch, ISBN 0-233-96430-4, s. 133–142

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Boikott