Opna hovudmenyen

Daily Mail er ei britisk morgonavis som blir gjeven ut i London.

Daily Mail
"Hurrah for the Blackshirts!".jpg
TypeMorgonavis
FormatTabloidavis, fullformat
Grunnlagd1896
SpråkEngelsk
Politisk tilknytingKonservativ
Opplag2 300 000

Daily Mail blei grunnlagd i 1896 av Alfred Harmsworth. Den var prega av moderne trykkteknikk og nyhendejournalistikk, og vart på 1920-talet den største morgonavisa i Storbritannia. Redaksjonen i avisa har tradisjonelt vore konservativ, og Daily Mail var før ei mellomformatsavis med eit redaksjonelt innhald som låg mellom kvalitetsavisene, som vart trykt i fullformat, og den skandaleprega tabloidpressa. Avisa kjem no ut i hendig tabloidformat. Med eit opplag på over 2,3 millionar daglege eksemplar er Daily Mail den nest største avisa i Storbritannia, etter The Sun. Ho er òg den tredje største i Europa, og nummer elleve på verdsbasis.

Spire Denne avisartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.