Bojar

(Omdirigert frå Bojarar)

Bojar (russisk боярин, bojarin; ukrainsk буй eller боярин, bulgarsk боляр eller болярин, rumensk boiar) var medlemmar av den aristokratiske føydaladelen som hadde høgast rang først i Kievriket og seinare i Russland og Litauen.

Russiske bojarar frå 1500-1600-talet

Bojarar var berre underlagt den herskande storfyrsten i riket. Dei fanst i Kievriket og seinare i Russland og Litauen (tilsvarande dagens Ukraina, Kviterussland, europeisk Russland og Litauen) frå 900- til 1600-talet. Tittelen blei òg nytta i Bulgaria, Serbia, Valakia og Moldavia. Bojarane utgjorde det herskande sjiktet av store godseigarar. Bojardumaen eller rådet av bojarar hadde ei viss makt i Moskva-staten (1480–1689), men tapte mykje av dette under Ivan den grusame. Dumaen blei avskaffa i 1711 av Peter den store.[1]

Dei russiske bojarane blir tradisjonelt delte inn i tre kategoriar:

Kjelder endre

  1. Bjørnflaten, Jan Ivar (25. september 2019). «bojar». Store norske leksikon (på norsk bokmål).