Bolkesjø-Miland er numedalsnemninga på ein av dei mest vidkjende tvibeitslåttane i hardingfeletradisjonen. Slåtten er spela i Valdres, Hallingdal og på Vestlandet. I Hallingdal er slåtten mykje nytta som lærestykke i barnespelemannslag, og er elles brukt mykje i samspel. Det er truleg Buskerud som er det gamle kjerneområdet for slåtten, og han har vore mykje nytta i Krødsherad. Bolkesjø og Miland er stader i Telemark.

Variantgruppa endre

Slåtten har for det meste den same utforminga dei fleste stader. Han er etter måten meir utbygd i Telemark enn i dei andre dalføra. Hardingfeleverket har gjeve slåtten nr 477.