Johan Kleven, fødd 1859 og daud 1944, var ein norsk spelemann frå Krødsherad i Buskerud. Han var son av Gamle-Kleven.

Johan Kleven
Fødd1859
Død1944 (85 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Johan Kleven var ein heimekjær spelemann som reiste lite ute or bygdene han kom frå. Han spela mykje i lag og bryllaup i Krødsherad, men livnæra seg elles som skomakar. Kleven reiste mykje ikring i bygda og lappa skor, og kom til Ørpen med. Han vart slik ein av dei første læremeistrane til Truls Ørpen, då Truls var sju år gamal.

Kleven hadde far sin som viktigaste kjelde, og kunne det meste etter han. Slik vart han ein førande kjelde då Truls Ørpen seinare skulle skrive ned slåttar frå heimbygdene. Om lag helvta av alle nedskriftene Ørpen gjorde frå Krødsherad er etter Johan Kleven.

Johan Kleven var og ein god dansar, og var den første som heldt kurs i kryllingspringar i 1920-åra.

I hardingfeleverket er det 49 slåtteoppskrifter etter Johan Kleven.