Bolsjoj Uzen
Bolsjoj Uzen (russisk Большой Узень) er ei elv i Saratov oblast i Russland Vest-Kasakhstan oblast i Kasakhstan. Elva er 650 km lang og har eit nedslagsfelt på 15 600 km².
Bolsjoj Uzen | |||
elv | |||
Land | Russland, Kasakhstan | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 15 600 km² | ||
Lengd | 650 km | ||
Munning | Volga | ||
Bolsjoj Uzen 48°54′02″N 49°54′44″E / 48.90055556°N 49.91222222°E | |||
Wikimedia Commons: Bolshoy Uzen |
Bolsjoj Uzen har utspring på vestkanten av Obsjtsjij Syrt i Russland. Ho renn mot sør over steppene i Den kaspiske senkinga, og munnar ut i Vest-Kasakhstan, i eit nettverk av små innsjøar og myrer kalla Kamysj-Samarskij-sjøane. Bolsjoj Uzen renn parallelt med elva Malyj Uzen, 50 km lengre vest.
Mesteparten av vassføringa kjem frå snøsmelting, og vassføringa er derfor størst i april, medan delar elva om sommaren tørkar heilt inn. Ved Novouzensk varierer vassføringa frå 7,3 m³/s til 393 m³/s. Elva er isdekt frå desember til vårløysinga i mars-april.
Byen Novouzensk ligg ved Bolsjoj Uzen. Elva vert nytta til vassforsyning og irrigasjon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bolsjoj Uzen» frå Wikipedia på russisk, den 1. november 2008.