Malyj Uzen
Malyj Uzen (russisk Малый Узень, «Vesle Uzen») er ei elv i Saratov oblast i Russland og Vest-Kasakhstan oblast i Kasakhstan. Elva er 638 km lang og har eit nedslagsfelt på 18 250 km².
Malyj Uzen | |||
elv | |||
Land | Russland, Kasakhstan | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 18 250 km² | ||
Lengd | 638 km | ||
Malyj Uzen 51°22′59″N 48°19′05″E / 51.383055555556°N 48.318055555556°E | |||
Wikimedia Commons: Maly Uzen |
Malyj Uzen har utspring nord for byen Jersjov, på vestsida av Obsjtsjij Syrt-platået i Russland. Frå her renn ho sørover, over steppene i Den kaspiske senkinga, og munnar ut i Vest-Kasakhstan, i eit nettverk av små innsjøar og myrer kalla Kamysj-Samarskij-sjøene. Malyj Uzen renn parallelt med elva Bolsjoj Uzen, 50 km lengre aust.
Mesteparten av vassføringa kjem frå snøsmelting, og vassføringa er derfor størst i april, medan delar av elva om sommaren tørker heilt inn. Ved landsbyen Malyj Uzen varierer vassføringa frå 3,4 m³/s til 782 m³/s. Elva er isdekt frå desember til vårløysinga i mars-april.
Elva vert nytta til vassforsyning og irrigasjon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Malyj Uzen» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2008.