Opna hovudmenyen
Bondi beach.jpg
Bondi Beach med turistar og folk som soler seg.
Foto: Enoch Lau

Bondi Beach (/bondaj bi:tʃ/) er ei strand i forstaden Bondi ved Sydney i den australske delstaten New South Wales. Ho er om lag éin kilometer lang og ligg sju kilometer frå Sydney sentrum. Stranda er populær både blant turistar og fastbuande.

HistorieEndra

Edward Smith Hall og svigersonen Francis O'Brien kjøpte store delar av området i 1851 og kalla det «Bondi Estate». Deretter kjøpte O'Brien gradvis opp eigedommen til svigerfaren og opna han for allmugen som «O'Brien Estate» med piknikkplass og tivoli. Folk flokka til stranda i så store mengder at O'Brien truga med å stenga henne. Etter lokalt påtrykk handla styresmaktene og gjorde Bondi til offentleg område i 1882.

BrukEndra

Folk kjem til stranda for å sola seg, surfa og bada, men også for å oppleva tilstellingar, som venleikskonkurransen «Miss Bondi», og høgtider som første juledag, då over 40 000 folk samlar seg der for å feira jul.

Under Sommar-OL 2000 blei strandvolleyballkonkurransane haldne på stranda, og det blei sett opp fleire banar og stadion. Seinare har bydelsrådet gått imot speling av volleyball på Bondi-stranda.

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.